Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Sigrid Agnethe Hansen: Du veit ingenting

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka

Historia startar med at røykvarslaren begynner å pipe. Tina må få slått han av så fort som råd av omsyn til søstera Erika som blir redd og begynner å skrike. Tina får ikkje alltid kontakt med Erika, det er som ho ser ein heilt annan stad. Ho vil ikkje kome ut av rommet sitt for å ete middag, men Tina klarer å lokke ho med ein iPad. Erika er 10 år og har ein diagnose. Tina konkluderer med at alt er annleis heime hos dei.

Tina og besteveninna Anna går i tiande klasse. Desse to jentene har vi høyrt om før, i den førre romanen av Sigrid Agnethe Hansen, Ser du dette (2022). Då var Anna hovudperson og kom flyttande. Ho hadde fått eit dårleg rykte der ho budde før, mest fordi ho hadde sendt eit nakenbilde til ein gut som delte det vidare. Tina tenker ho var heldig som blei kjent med Anna, og nå held dei saman. Tina tenker også at Anna på ein måte var heldig som fekk begynne på nytt, Tina har gått i same klasse i alle år utan å få innpass. Tina har heldigvis ein chat-ven i Japan, Hiro, som ho kan fortelje om korleis ho har det.

Ein dag ser Anna og Tina ein kjekk ung gut i ein bil, og Anna blir interessert og vil finne ut kven han er. Han heiter Gustav og er broren til Simone. Simone leier an jentegjengen i klassen, og verken Tina eller Anna har noko til overs for ho. Simone inviterer alle i klassen til bursdagsfest, og Anna insisterer på at ho og Tina må vere med. Tina har slett ikkje lyst, men lar seg overtale dersom Anna skaffar dei noko å drikke frå polet. Dei må også handle seg nye klede, og kven andre enn Gustav arbeider på klesbutikken? Tina er litt oppgitt over at Anna er blitt så forelska i ein ho ikkje kjenner, og samtidig er ho er frustrert over at ho aldri blir forelska sjølv.

Tina bruker å ta med seg Erika i svømmebassenget kvar tysdag. Erika er så glad, ho elskar dette. I vatnet er ho som ein delfin, og her er ho fri. Men det skal lite til før ting ikkje blir som Erika hadde tenkt, og då låser ho seg og skrik. Og Tina blir stressa når det skjer. Ho kjempar med dei motstridande kjenslene overfor søstera, ho er veldig glad i ho, men blir også veldig irritert på ho. Erika er krevjande og ikkje til å forstå seg på. «Eg har Erika, eg har Anna, eg har familien, eg har Hiro framfor ein datamaskin i Tokyo, eg har fag eg skal gjere det godt i, vi har søskensymjing kvar tysdag. Og likevel er det noko som manglar. Det blir aldri min tur», tenker Tina.

Så er det klart for bursdagsfesten hos Simone. Dei har pynta seg og er litt nervøse for korleis det vil vere der. Det startar bra med potetgull, musikk og prat. Men så vil Simone at dei skal leike «eg har aldri». Då det er hennar tur til å finne på noko, seier ho: «Eg har aldri hatt ei søster som er hemma». Då renn det over for Tina.

Dette blir eit vendepunkt i historia, og alle involverte må gå i seg sjølv. Vennskap blir sett på prøve. Kanskje er det rett slik pappa seier når dei skal øvingskøyre: «Den som står stille, har aldri skulda».

Sjølv om vi møter dei same personane, kan ein godt lese denne romanen utan at ein har lese Ser du dette? først. Du veit ingenting er aktuell og tar opp allmenne, gjenkjennelege problemstillingar rundt det å anerkjenne at folk er forskjellige, kjenslene ein kan ha av å ikkje bli lagt merke til, og vennskap som blir sett på prøve. I ein klasse er det vel ofte slik at nokon blir dominerande og andre sette til side. Det handlar også om korleis ein kan snakke med folk og skvære opp. Og det handlar om søskenkjærleik og forelsking.

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
9–12