Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 18–28)
Anna går på ungdomsskulen. Ho og familien har nettopp flytta frå Tromsø og til ein mindre by i nord, dit bestemor bur. Bestemor er kul, ho, og ein god venn av Anna. Kanskje den einaste vennen ho har, faktisk. Men flyttinga er gjort fordi Anna treng å starte på nytt, med ny skule og nye venner. Anna har flytta frå eit rykte.
Ser du dette? er debutboka til Sigrid Agnethe Hansen. Ho handlar om ungdomskulturen slik han er, men òg dei nye aspekta som digitaliseringa tilfører. Boka handlar om å bli akseptert, ein del av. Om kva maktstrukturar og råskap ein kan møte i desse åra. Ho handlar om korleis ein vil skilje seg ut, og ikkje skilje seg ut. Om korleis mykje av kulturen vert levd gjennom sosiale medium, og om kva dramatiske konsekvensar deling av nakenbilete kan få. Boka handlar om å gi hjarte og tillit til nokon som tråkkar det i tusen knas. Korleis kan ein oppnå tillit igjen? Korleis kan ein gå vidare utan skam? Kven sit med ansvaret, og kva er føre var?
Ser du dette? er delt inn i no- og før-kapittel. Ho skildrar tankar, hendingar og draumesekvensar som er med på å arbeide seg gjennom og skildre det traumatiske som Anna har opplevd. Boka skildrar også relasjonar til familie, venner, jamaldringar, lærarar og ein lege. Å begynne på skulen går greitt, og Anna får ein ny venn, Tina, som saman med familien er med på å gi Anna den tryggleiken og tilliten ho treng for legge det vonde bak seg.
Boka tek føre seg eit sentralt og viktig tema. Ho har eit godt og lettleseleg språk som innbyr til innleving for målgruppa ungdomstrinnet.