Skarpe kantar av Therese Garshol

Ungdomslivet kan kjennast både kvelande og langdrygt, særleg når ein går rundt med ei uro og ei kjensle av å ville vere ein heilt annan stad. Maja går i tredje klasse på vidaregåande og er lei både hockeygutane, veninnene og skulen. Det er vanskeleg å halde fokus på norsk og matematikk når livet er i oppløysing. Maja har nyleg mista faren sin, og sorga er tung å bere. Forholdet til mor hennar, som er narkopoliti, er anstrengt, ho gir Maja lite rom og er konstant redd for at ho skal hamne utpå. 

Livet til Maja manglar drift heilt til den nye guten, Adam, dukkar opp i klassen. Han skil seg ut frå dei keisame og slitsame hockeygutane. Det er noko med Adam, blikket, kroppen og rørslene hans, ei djupne ho blir trekt mot. Det er lenge sidan Maja har kjent noko liknande,  og det tek heller ikkje lang tid før dei får eit forhold. Men trass i at dei er fysisk nære, når ho aldri heilt inn til Adam. Det som utviklar seg mellom dei, kjennest ikkje alltid like godt, for kvar har ho eigentleg han? Adam har eit arr som ber på ei historie – og ei fortid som ber på hemmelegheiter Maja etter kvart skal få innblikk i. 

Marcus er barndomsvenen til Maja og har hatt eit godt auge til henne så lenge han kan hugse. Dei har begge ei tilknyting til isen, han som hockeyspelar, ho som kunstlaupar. No ser han med aukande uro på det som skjer mellom henne og Adam. For Marcus er det tydeleg at Adam ikkje er rett for Maja, og han er ikkje den einaste som tenkjer slik. Mora hennar er like skeptisk, og ho legg på ingen måte skjul på det. 

Adams fortid seier mykje om livet han har levd, og erfaringane han ber med seg. Det han er involvert i, får konsekvensar – og Maja blir etter kvart dregen inn i det mørke på dramatisk vis.  

Avhøyra av Maja utgjer rammeforteljinga i boka og opnar for at hendingane som har utspela seg, får ei gradvis avdekking, og det er eit godt forteljargrep som skaper ei forventing hjå lesaren. Ein ung gut er drepen – og Maja sit i avhøyr og må forklare kva som har skjedd, men kor mykje av det ho veit, er ho eigentleg villig til å seie høgt? Livet har skarpe kantar, og det får både Maja, Adam og Marcus erfare.  

I denne ungdomsromanen blir lite halde tilbake. Therese Garshol skaper eit plott som er vanskeleg å føresjå, og ho held eit driv i handlinga som gjer boka vanskeleg å leggje frå seg. Skildringane er direkte, både når det gjeld sex og vald, og romanen sparer ikkje lesaren for dei mørkare sidene av ungdomslivet. Målgruppemessig passar boka best for dei litt eldre tenåringane.  

Skarpe kantar gir ei intens og medrivande leseoppleving som er lett å bli hekta på, og er ei bok mange ungdomar vil like å lese. Det skal ein del til for å sjokkere dei unge, men Garshol gjer sitt beste for å få det til. God lesnad! 

Fleire boktips

Jens Kihl: Blakk
unge vaksne
Mona Celin Skrede: Mi høgre hand
faktabøker og sakprosa
Jeswanthiny Mayoora: Aldri god nok
faktabøker og sakprosa
Bokomslag: Innanfor. Utanfor: men alltid autist
faktabøker og sakprosa