Gjennom bøkene Under og Over kunne me fylgja barneheimsjenta Ela i opprøret hennar mot direktørpresident Ingmor og det totalitære framtidssamfunnet Zeijang-Volvo. No er dei to bøkene, saman med den nyskrivne sisteboka Ut, samla i boka Søsteranarkistane.
I byrjinga av denne dystopiske trilogien møter me unge Ela, som arbeider som slave i produksjonshallane. Ho oppdagar etter kvart at regimet tek livet av folk, og ho set difor i gang eit opprør, noko som vert farleg for både henne og andre. Samstundes vert det klart for lesaren at Ela har noko som både styrarane og den mystiske undergrunnsrørsla er ute etter. Men kven kan ho lita på? Og kven – eller kva – er den mystiske Gröna Engor?
Verdsbygginga som Bang og Kvalvaag driv med i desse tre bøkene, er ein viktig del av forteljinga. Zeijang-Volvo er eit samfunn prega av forfall, og det dei har av avansert teknologi, er i stor grad restar frå eit tidlegare samfunn som har gått under. Språket me møter, inneheld spor av kinesisk, svensk og russisk, noko som er med på å gje ekstra liv til både verda og historia.