Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Torvald Sund: Dans stille før stormen

Julie har øvd som ein gal for å klare opptaksprøvene til ballettskolen i London, men denne ettermiddagen rett før ho skal reise, tar ho ein pause i dansinga for å vere med kjærasten ut i sjarken hans. Dei går i land på skjera, men brått blir idyllen broten av ei ulykke. Julie må sette livet og dansen på spel for å redde den unge fiskaren ho elskar.

Ein medrivande og intens roman om hav, dans og to unge elskande som ikkje deler framtidstankar, men likevel drøymer om eit liv med kvarandre.

Torvald Sund frå Levanger har ein lang og variert forfattarskap bak seg, denne gongen slår han til med ei bok om kjærleik på tvers av bakgrunn og familie.

Fleire boktips

Brynjulf Jung Tjønn: Norsk kjærleik
dikt
Erlend Skjetne: Størst og minst
intervju
Terje Torkildsen: Jernvilje
spenningsbøker
Therese Garshol Syversen: Eg skal rive deg i filler
intervju