Sunniva Relling Berg: Nattsol

NattsolIlias kjenner angsten rive i brystet då han les nyheita i avisa. Ein mann i tjueåra er sett fri frå varetekt. Ein sleip ål finn alltid vegen ut … Og no er verken Ilias eller veslesystera hans trygge. Ansiktet til mannen som no er sloppen ut av fengsel, er vanskeleg å gløyme. Ålen er ute etter dei, for han veit kva Ilias har gjort. Alt står på spel.

Ilias er sytten år og bur på eit asylmottak saman med veslesystera si. Han er prega av mange vonde minne, både frå heimlandet og frå tida hans i Noreg. Då han les nyheita om mannen som er sloppen ut av fengsel, byrjar hjartet igjen å banke hardt i brystet.

Maja og Ilias var tidlegare nære vener, men det har vore stille mellom dei det siste halvåret. Etter det dramatiske som skjedde for ei tid sidan, har ikkje Maja klart å ta kontakt. Likevel har tankane stadig vendt tilbake til Ilias, og ho har funne trøyst i å tenkje på han. Han betyr framleis mykje for henne.

Tanta til Maja oppmodar henne om å ta kontakt med Illas igjen. Sjølv om det kostar, gjer ho som tanta ønskjer. Tanta har fylt tursekken med hermetikk og annan proviant som skal til eit beredskapslager på hytta, men turen er lang og sekken tung. Kanskje Ilias kan hjelpe? Då tanta blir forhindra frå å vere med på fjellet, tek Maja steget og kontaktar han. Sjølv om det er uvant å vere saman igjen etter det lange opphaldet, blir Ilias med Maja til fjells. Der viser det seg at dei ikkje er åleine. Kven står bak spora i gjørma? Og kven var eigentleg mannen nede på parkeringsplassen ved asylmottaket?

Turen blir meir dramatisk enn dei kunne ha førestilt seg. Hemn er ei av dei farlegaste drivkreftene som finst, og det er ikkje kven som helst dei har med å gjere.

Relling Berg har skrive nok ei engasjerande og lettlesen ungdomsbok, der spenninga byggjer seg opp mot eit dramatisk høgdepunkt. Forteljinga er oversiktleg og lett å følgje, noko som gjer det lett å henge med på utviklinga i boka. Samstundes er det nokre overraskingar som held spenninga oppe. Boka er illustrert av Bjørn Rune Lie, som med uttrykksfulle teikningar utfyller teksten på ein svært god måte.

Nattsol er den tredje boka i serien om Illas og Maja. Sjølv om ho byggjer på tidlegare hendingar, kan boka fint lesast uavhengig. Den første boka i På Flukt-serien heiter Polarnatt, den andre heiter Soldagen.

Intervju med forfattar Sunniva Relling Berg


Kvifor bør ungdomar lese boka di?

Dei bør lese boka viss dei vil ha ei spanande og engasjerande historie om tema eg ikkje så ofte har sett i ungdomsbøker, som det å vente på svar på asylsøknaden og overleve ute i naturen.

Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?
Den første boka i På flukt-serien, Polarnatt, byrja eg å skrive fordi eg jobba som bibliotekar på ein vidaregåande skule i Bergen. Der hadde eg mange elevar som nett hadde kome til Noreg og skulle lære seg norsk. Eg syntest det var vanskeleg å finne gode bøker til dei, bøker som skulle vere lette å lese, og som også hadde litt håp og lys i seg. Eg snakka med ei klasse om kva dei ønskte å lese, og byrja å skrive på serien og boka. I Nattsol har eg spesielt vore inspirert av eigne opplevingar i naturen og eit ønske om å finne ut av korleis det går vidare med Maja og Ilias.

Kven trur du vil ha størst glede av å lese boka di?
Eg håpar det kan vere nokon som ønsker seg ei god historie, som ikkje les bøker så ofte, men som likevel opplever å bli nysgjerrig på denne.

Kva meiner du kjenneteiknar ei god bok for 12–16-åringar?
Det kan vere så mykje forskjellig, og eg er veldig glad for at vi har så mange gode ungdomsbøker i Noreg. Sjølv er eg veldig glad i å lese ungdomsbøker, trass i at eg er vaksen. Personleg synest eg ei god ungdomsbok er ei bok som verkeleg får meg til å føle noko for personane. Boka tar meg inn i ei spanande historie, og eg får lyst til å lese vidare. 

Kva slags anna bok enn di eiga vil du tipse denne målgruppa om å lese, og kvifor?
Her er det svært mange gode, og vanskeleg å tipse om berre éi! Men ei bok eg nyleg har lese og likt veldig godt, er Pass dine eigne saker av Ingelin Røssland. Boka er spanande, litt overraskande, og eg blir glad i karakterane.

Fleire boktips

Fotball eller livet
intervju
Over mitt lik
9–12
intervju
ungdomsbøker