Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Sunniva Relling Berg: Soldagen

Maja går av bussen ein tidleg morgon ein stad i Nord-Noreg. Det er høge brøytekantar og kaldt. Ho har ringt til tante Bodil, men ho har ikkje svart. Så ho veit ikkje at Maja kjem. Maja har heller ikkje sagt noko til mamma, ho har berre reist. Ho var saman med Olav og Knut kvelden før, men sette seg på bussen i staden. Etter kvart forstår vi at dei to gutane ikkje er det beste selskapet, og at mamma ikkje har det bra. Det har ikkje Maja heller. 

Frå der bussen stoppar, er det 35 minutt å gå, og mobilen til Maja er nesten fri for straum. Heldigvis kjem ein bil ho får stoppa. Guten som køyrer, Nils, spør om ikkje ho er niesa til Bodil. Maja ser ikkje med ein gong kven han er, men hugsar at han ikkje ville ha ho med på fotball ein gong tidlegare. Han vil køyre ho til tanta. Han fortel at politiet var etter han i natt, og Maja spør om ho kan hjelpe: «Eg er ekspert på trøbbel». Men Nils veit ikkje om han kan stole på ho, og ber ho bevise det. Ho viser han ein youtube-film.  

Tante Bodil blir veldig overraska då ho ser Maja. Maja seier at ho veit det skal vere marknadsdag i samband med at sola kjem tilbake. Ho tenkte ho kunne hjelpe tanta med hundane som skal køyre turar med ungane. Maja har godt lag med desse hundane. På vegen til marknaden skal dei innom Gerda og Jens, og dei har besøk av to ungar frå asylmottaket, Ilias og Amira. Ilias er forteljaren i nokre av kapitla, og han skuldar nokon pengar. Han spør om han kan få låne av Jens, og det er ingen liten sum. Nå skjønar vi at vi har lese om desse personane før, i Polarnatt. Gerda skal selje heimelaga produkt på marknaden, men når dei kjem dit, er skrinet med vekslepengar borte.  

Ilias blir skulda av Jens for å ha tatt pengane, men han nektar. Han skjønar at han sjølv må finne ut kva som har skjedd, og han trur det er Nils som har tatt pengeskrinet. Derfor går han heim til han. Der finn han ein skamslått Nils som treng hjelp. Nå skyt hendingane fart, og Maja dukkar opp. Kva har ho med dette å gjere? Saka viser seg å vere langt meir innvikla enn det først såg ut til. 

Relling Berg har skrive nok ei spennande forteljing om utsette ungdommar som ikkje har så mykje å gå på, og som lett blir mistrudde og hamnar i vanskar. Romanen er lettlesen og engasjerande. Kan hende ordnar ting seg etter kvart? Sjølv om ein del av personane er dei same som i Polarnatt, kan ein godt lese denne romanen uavhengig av det.  

Fleire boktips

ungdomsbøker
ungdomsbøker
ungdomsbøker
lettlesne bøker