Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Sunniva Relling Berg: Utfor

Det Norske Samlaget

Utfor av Sunniva Relling Berg har ei av dei finaste opningssetningane i 2011: «Det var som om heile havet landa på frontruta.» Vatn er ofte eit bilete på kjenslene våre. I Utfor understrekar havet og vatnet alt det hovudpersonen Lea slit med. I byrjinga er bølgjer og regn forrykande. Hav og himmel går i eitt. I slutninga kan ho teikne horisonten som ei lett krusa line. Det blir betre.

Lea er ein fjorten år gamal mattenerd som nett har flytta frå mobbarane sine i byen til ei øy ytst i havgapet. Det er to sentrale konfliktar i teksten, ein indre konflikt og ein ytre. Den ytre konflikten forstår ikkje Lea noko av, men det er tydeleg at Jonas, ein av gutane på øya, har gjort noko forferdeleg. Dei andre tre ungdommane som bur der ute, Mads, Mia og Arne, nektar å vere med han. Lea vil gjerne vere med dei alle, sjølv om dei er merkelege, kvar på sitt vis. Kva er det dei held skjult for ho?

Den indre konflikten er verre. I den nye klassen blir det mogleg for Lea å vere ein del av gjengen, men da må ho samstundes vere med på å fryse ut Mia. Skal ho vere ein av dei som stengjer dei svakaste ute, eller skal ho la seg stengje ute ein gong til? Kven vil ho vere? Det blir ikkje enklare av at Mia slett ikkje ønskjer sympati og hjelp, og av at storebroren Mads blandar seg.

– Hadde du det moro i kveld? Han snakka lågt. Eg fukta leppene og sleppte meg ned frå muren. Han raga over meg. – Kva er det som gjer at Mia ikkje fekk komme i kveld? spurde han. Eg prøvde å tenke, men tankane hadde tova seg saman så eg ikkje såg den eine for den andre. Måten han snakka på, eller var det måten han såg på meg på? Det var som om han trua meg.

Utfor er den første boka til Sunniva Relling Berg. Ho har skrive ein drivande god ungdomsroman om vennskap, fiendskap og løyndommar, og allereie til hausten kan vi håpe på ei ny bok frå denne debutanten.

Kategoriar

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
ungdomsbøker