Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Terje Torkildsen: Arrfjes

ArrfjesOpplegg til boka:
Felles nærlesing av romanen Arrfjes

I botnen av ei djup grav han har grave sjølv, møter lesarane Ejner Tevig. Korleis har han hamna der? Anslaget i Terje Torkildsen sin siste ungdomsroman Arrfjes skaper spenning og pirrar leselysta frå første side. Denne gongen er det den historiske robinsonaden som er sjangervalet til Torkildsen. Handlinga er lagd til 1812, under krigen mot Storbritannia. Ejner Tevig er 13 år då han mønstrar på det norske skipet Haabet. Snart skimtar dei eit britisk skip i horisonten. Det seglar under gult flagg. Flagget varslar sjukdom og død.

Terje Torkildsen er ein omtykt forfattar mellom unge lesarar. Han har, som den einaste, motteke Uprisen to gonger sidan denne utmerkinga vart etablert i 2007. Mottakinga av bøkene hans elles i feltet har derimot vore variert. Torkildsen har i fleire intervju forklart at han har eit litterært program som dreier seg om å få dei som ikkje likar å lese, til å plukke opp boka likevel. Han skil mellom det han kallar retorisk kvalitet og litterær kvalitet, og peikar på at ungdomsboka ikkje kan vere ei god bok utan at ho kommuniserer med lesarane i målgruppa.

Denne gongen ser det likevel ut til at han treffer blink også hjå kritikarar som er mest opptekne av den litterære kvaliteten. Meldingar frå anerkjente kulturredaksjonar i aviser som Aftenposten og Dagbladet vender tommelen opp for denne boka. I eit foredrag på den nynorske barnelitteraturfestivalen Falturiltu tidlegare i haust forklarte Torkildsen at han denne gongen også har hatt den leseglade mottakaren i tankane når han har skrive. Dessutan innrømte han at den historiske robinsonaden er ein personleg favoritt mellom dei sjangrane ein kan velje i når ein skriv fiksjon.

Kapringa av den britiske fregatten vert starten på ei hendingsrik reise som gjer den unge hovudpersonen vaksen på kort tid. I ei veksling mellom ytre og indre dialog får lesaren innblikk i korleis Ejner utviklar seg, med dei utfordringane han møter. Ei sterk gudstru og brevveksling med broren gjer at lesaren får fylgje tankane som modnast og endrar seg. Den ytre rammeforteljinga er handlingstett og held lesaren i spenning frå side til side i dei korte kapitla.

Når vi mot slutten av forteljinga er tilbake i grava saman med Ejner, er det ei eventyrleg reise vi har fått vere med på. Men ho er ikkje slutt! Utan å avsløre for mykje er det inga overrasking at Ejner kjem seg opp frå grava og vidare med eigne krefter. For trettenåringen i 2015 er det truleg ein viktig kvalitet ved forteljinga at ho gjev håp for ei framtid om ein tek grep om framtida sjølv. Slik var det i 1812. Slik er det framleis.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
9–12