Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Terje Torkildsen: Jernvilje

Terje Torkildsen: JernviljeI boka Jernvilje møter me den 15 år gamle ulvejegeren Vilje Vargbane for 1500 år sidan. Dette er ei tid der pesten herjar, og ulike hovdingar regjerer over kvar sine område i Noreg. Vilje ser seg sjølv som herse over heiane. Han har vakse opp åleine i fjellområdet saman med mor si, under ein steinheller. I barndomen har Vilje aldri hatt kontakt med eikidølane nede i Eikidalen. Då mor til Vilje døyr, må Vilje stole på sin eigen vilje. 

Mor til Vilje har åtvara han om eikidølane, som tek folk til fange og nyttar dei som trælar. I barndomen har han gøymt seg for dei, men no som han er i ferd med å verte ein vaksen mann, er han ikkje lenger redd for å oppsøkje bygdefolket. Han dreg til hovdingsetet på storgarden Hove for å selje eit ulveskinn, og får ei uventa mottaking. Dei ser på Vilje som ein attkomen son. 

Kvifor forvekslar eikidølane Vilje med hovdingsonen Jarl, og trur at han har kome tilbake frå dødsriket? Vilje blir kjent med trælen Evelyn, som har ei anna tru og forstår at Vilje ikkje er ein heimkomen hovdingson. 

Noko motvillig vel Vilje å gå inn i rolla som hovdingsonen Jarl. Dette er ei risikabel avgjersle. Dersom nokon oppdagar at Vilje ikkje er Jarl, vil han i beste fall ende opp som træl. Denne avgjersla fører Vilje inn i rivaliseringa mellom eikidølane og Ormvakr Digre som er herse over dalføra aust for Sira. 

Romanen gjev eit levande innblikk i ei tid då ulike livssyn og levemåtar eksisterte om kvarandre. Med trælar frå vest kjem kunnskapar om å utvinne jarn, om nye trusretningar og skrivekunsten. I denne romanen spelar desse kunnskapane ei viktig rolle. Handlinga finn stad i grensetraktene mellom Rogaland og Agder og nyttar faktiske stadar som kulisser for denne forteljinga. 

Vilje har eit fødselsmerkje som liknar ein jerv. Til liks med jerven har Vilje levd eit liv som ein fri, men folkesky skapnad som har streifa rundt og jakta i heiane. I møte med Evelyn og resten av folket på storgarden Hove blir Vilje nøydd til å ta stilling til om han er eit streifdyr eller eit flokkdyr. Fridom og samhald er motstridande krefter i denne romanen. 

Fleire boktips

Erlend Skjetne: Størst og minst
intervju
Thoralf Fagertun: Kobbs hus
9–12
Harald Nortun: Kode 6 –Ingen må vite kven du er
9–12
Therese Garshol Syversen: Eg skal rive deg i filler
intervju