Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Terje Torkildsen: Stavanger Stories 1

Stavanger Stories 1«Ingen veit kva tid det er over, kva tid hjartet sluttar å slå. Det kan skje kva tid som helst, med kven som helst. Men dette tenkjer ikkje Betty på no, ikkje enno. Det er for tidleg. Ho har enno ikkje møtt Døden.»

Betty skal snart byrja på vidaregåande, storebror Duxen er russ og veslebroren Broremann skal byrja på ungdomsskulen. Gjennom novellene i denne boka fylgjer me dei tre ungdomane og familien deira i ei tid prega av store overgangar for dei alle. Jamvel om boka er skriven som ein heilskap, kan mange av novellene fungera like godt som frittståande tekstar. Nokre byggjer opp mot eit komisk sluttpoeng, andre er meir til ettertanke, og det er rikeleg med både kjærleik, sakn, liv, død og fysisk humor i forteljingane.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker