Kva gjer du når stor urett blir gjort mot familien din? Går du vidare som om ingenting har skjedd, eller tek du opp kampen mot dei som påførte deg smerta? I denne spenningsromanen følgjer vi tenåringsjenta Iben som jaktar på hemn. Ho er fast bestemt på at gutane som øydela livet til den fjorten år gamle veslesøstera hennar, Alexa, ikkje skal sleppe unna. Som tittelen gir eit frampeik om, har Iben ikkje klart å leggje den fæle hendinga bak seg. «Eg har berre orka å sjå videoen éin gong. Han varer i tretten minutt og sju sekund. Det er den tida det tar, tydelegvis.»
Etter Alexa døyr, flyttar Iben Maria Løvenskiold heim frå kostskulen i Sveits til Frogner på Oslos beste vestkant. Der legg ho raskt ein plan for å hemne det som skjedde med veslesøstera. Spørsmålet er korleis ho best kan gå fram, og kven som kan hjelpe henne på vegen. Første steget er å bli betre kjend med gutane som står bak ugjerninga.
Vestkantguten Henrik Wiik har alle dei privilegia ein ungdom kan drøyme om: tilgang til yacht, bil og pengar. Han vert kalla Knausgård blant kompisane sine på grunn av litteraturinteressa si, ei interesse få av venene deler. Iben ser seg raskt ut Henrik som eit mål. Ho deltek i den litterære sirkelen på biblioteket saman med han, og imponerer han både med den litterære innsikta og den avmålte veremåte sin. For Henrik, som aldri har måtta kjempe for å fange interessa til nokon, blir Iben ein stadig meir fascinerande person.
Sakte, men sikkert, utviklar det seg eit forhold mellom Iben og Henrik. Samtidig kjempar Iben for å halde kjenslene sine i sjakk, slik at ho kan gjennomføre den listige planen sin. Likevel, som lesaren etter kvart skjønar, går ikkje alt som planlagt.
Eg skal rive deg i filler er ein spennande og lettlesen ungdomsroman med eit intrikat plot som mange vil la seg underhalde av. Det er mykje som skjer på det ytre planet i historia, og handlinga har eit driv som gjer at ein vil lese vidare. Samstundes er det meir under overflata enn berre spenning. Romanen utforskar også viktige spørsmål knytt til samtykke og seksuelle overgrep, og korleis hemntanken kan forme og endre eit menneske.
Dette kjem tydeleg fram i Iben sine tankar: «Det finst ein pris å betale for å øydeleggje ein familie. Det finst i alle fall ein pris å betale for å øydeleggje min.»
Intervju med forfattar Therese Garshol Syversen
Kvifor bør ungdomar lese boka di?
Boka gir innblikk i ei verd som er ganske ukjent for dei fleste, eit rikmannsmiljø på beste vestkant der rus, vald og fråverande foreldre er del av pakka. Samstundes trur eg mange ungdomar vil sitje att med ei kjensle av at dette også angår dei sjølve, særleg med tematikken som krinsar rundt samtykke, overgrep og filming av overgrep.
Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?
Eg hentar impulsar både frå verkelegheita og frå kunsten. Hemsedal-saka frå nokon år tilbake opprørte meg veldig, det at ansvaret for gruppevaldtekta blei plassert hos jenta fordi rus var inne i bildet. No i det siste verkar slike overgrep å bli stadig meir vanlege. Viss ein tenkjer på inspirasjon frå annan kunst, så har bøkene Muleum (Loe, 2007) og Størst av alt (Giolito, 2016) gitt impulsar til skildringane av rikmannsmiljøet og det dramatiske ved forteljinga. Filmane Kill Bill (Tarantino, 2003) og Promising Young Woman (Fennell, 2020) har inspirert meg på hemn-fronten.
Kven trur du vil ha størst glede av å lese boka di?
Det må vere lesarar som har sans for dramatikk, som likar hemnforteljingar og generelt bøker i psykologisk thriller-spekteret. Ein lesar av denne boka må samstundes tole ganske eksplisitte og vonde scener, og opningskapittelet gir ein god indikasjon på om boka er noko for deg eller ikkje.
Kva meiner du kjenneteiknar ei god ungdomsbok?
Ungdomsperspektivet må gjennomsyre boka, og det må vere truverdig, men ikkje nødvendigvis så realistisk. Eg er særleg opptatt av det formmessige, at boka har intensitet, godt driv og ein poetisk kvalitet i språket. Resepsjonen av ungdomslitteratur har ein tendens til å fokusere utelukkande på tematikk, og aktuell tematikk er jo vel og bra, men alt står og fell med forma.
Kva slags anna bok enn di eiga vil du tipse ungdomar om å lese, og kvifor?
Eg har allereie tipsa om to bøker som inspirerte meg i arbeidet med Eg skal rive deg i filler. Viss eg skal trekke fram ei anna type bok, som eg også trur vil fenge mange ungdomar, så er det faktisk Victoria (1898) av Knut Hamsun. Romanen er ganske knapp, med høg intensitet og sterke kjensler. Om eg skal velje noko på nynorsk, og av nyare dato, må det bli Eg blir her (2022) av Ann Helen Kolås Ingebrigtsen. Det er ei varm kjærleiksforteljing med overtydande ungdomsperspektiv, godt driv og fine karakterar.