Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Therese Garshol Syversen: Sting

16 år gamle Emma har opplevd noko av det vondaste og mest uforståelege nokon kan oppleve. Ein familietragedie, der Emma sin eigen far har skote både henne og mora, og Emma er den einaste overlevande. Vi følgjer Emma i tida etterpå, når ho må bu hos mormora si og ha samtaler med psykologen Beate for å prøve å kome seg vidare. Prøve å hugse akkurat kva som har skjedd. Men Emma vil ikkje hugse. Det er for vondt. Kan ho lage ein ny versjon som er lettare å halde ut?  

Lesaren får bli kjent med historia gjennom Emma sine auge, og kapitla i boka skiftar mellom «no» og «då». Ei tidsreise der eg-personen, Emma, ser tilbake på ting som skjedde før pappa brukte pistolen, og samtidig ser livet «her og no». Kunne Emma visst at dette kom til å skje? Var der teikn som ho oversåg? Beate har sagt at det ikkje er hennar feil, at det ikkje er noko Emma kunne ha gjort annleis. Men kva om det ikkje er sant? Ho blir stadig dregen mellom før og no. Det som var før, kjem til ho gjennom draumar, samtalar og minne, og plutselege hendingar, skifte, rørsler og lydar dreg ho tilbake til det som er no. 

Mormor vil snakke mykje om mamma, men det orkar ikkje Emma. Ho vil ikkje! Mormor har alle tinga til mamma i ein kommode, og på kommoden står det fullt av bilete av ho. Men det er ingen bilete av pappa. Om kveldane går Emma ned til vatnet. Vatnet er iskaldt på grunn av alt smeltevatnet, seier mormor, og det held seg kaldt heile året på grunn av det. Vatnet er grumsete og mørkt når det er kveld, og der kan alt forsvinne. Absolutt alt. Det er der nede ved vatnet naboguten til mormor, Hannes, snakkar med Emma første gongen. Han likar å fotografere, og vil gjerne bli venn med Emma. Hannes dukkar opp heile tida, og han pratar og spør. Emma svarer med å vere stille eller med korte, avvisande svar. Likevel held Hannes fram med å kome innom heime hos mormor, og likevel held han fram med å fortelje om seg sjølv og å stille spørsmål til Emma. Ein dag møtest dei to tilfeldig på butikken, og Hannes har med seg fotomappa si. Emma får sjå bileta han har teke, og ser at det naturbilete i svart-kvitt. Hannes har framkalla dei sjølv i eit mørkerom. Kanskje Emma vil vere med ut i skogen og ta bilete ein gong? Og kanskje ho vil sjå mørkerommet? Det er trass alt lettare å vise korleis eit mørkerom fungerer enn å skulle forklare det. Kanskje er dette noko som Emma treng midt opp i alt det som er vondt. Noko anna å tenke på, nokon andre å vere saman med. Vil det vere mogleg for Emma å hugse akkurat kva som hende den skjebnesvangre dagen, vil ho finne svar, og vil ho klare å finne lys i alt det vonde og mørke? 

Sting er ein ungdomsroman som handlar om noko av det vondaste som er, om vald, relasjonar, minne, vennskap og om psykisk helse. Forfattaren har klart å skildre tankar, hendingar, situasjonar og samtalar på ein god måte, og den underliggande bodskapen er at ikkje alt er svart-kvitt. Ingen er berre det du ser. Ingen menneske er berre gode eller berre vonde. «Ingen er berre éin ting eller éi handling.» 

Sidene er ikkje tettpakka med tekst, men sidan handlinga hoppar mellom «no» og «då», vil det vere ein fordel å ha erfaring med bøker frå før. Sidan tema i boka er sterkt og vondt, vil det vere viktig at ein kan samtale om boka i etterkant.  

Utdrag frå boka:

 

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker