Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Tone E. Solheim: Eg er V-vida

Vida går i niande klasse og har det ikkje så bra. Besteveninna Siri har flytta til Bergen, og Vida kjenner seg aleine i verda. Mamma jobbar, og Vida har vore aleine heime heile sommaren. På skolen kjenner ho seg utanfor og prøver å gjere seg så usynleg som mogleg. Aurora og gjengen er dei verste, dei kjem stadig med spydige kommentarar til Vida. Dei kallar ho V-vida fordi ho stammar. Så begynner det ein ny gut i klassen, Viktor. Han har CP, og ein fot og ein arm som ikkje fungerer. Han haltar når han går. Ole Kristian og gutane går på han og spør kva han feiler, men Viktor tar igjen så det smell. Han blir ein av gjengen, medan Vida framleis er utanfor.

Vida trur seg til dagboka si og til Siri i telefonen. Ein dag prøver Vida å svare tilbake på kommentarar frå Aurora, men alt stokkar seg for ho. Det hjelper heller ikkje at dei får ein vikarlærar som ber Vida lese høgt i klassen. Men då får ho ein trøystelapp av Viktor. Han seier også at ho kan få vere med på deira gruppearbeid då ingen andre vil ha ho med. Ein dag finn Viktor Vida under trappa i kjellaren og snakkar med ho. Vida har likevel vanskeleg for å tru på at Viktor vil vere ein ven. Vida har svært lite sjølvtillit, det er berre Siri som forstår det. Ho seier at Vida ikkje må ta alt personleg og at Vida er ei bra jente. Ho må berre våge å tru på det sjølv og tore å gå sin eigen veg. Men det er lett for Siri å seie, ho har jo vener.

Ein dag sender Siri ei melding til Viktor frå Vidas telefon og inviterer han på sjokoladekake og film fordi Vida har bursdag. Og han vil komme! Seinare møtest dei jamleg for å sjå anime eller lese manga, noko dei begge er svært interesserte i. Så inviterer Viktor heile klassen på halloween-fest. Vida blir usikker på om ho skal gå, men Siri overtaler ho og seier ho ikkje må gje opp. Men på festen er også den søtaste jenta i klassen, Miriam. Og ho verkar då interessert i Viktor?

Solheim har skrive ein aktuell roman om venskap og utanforskap, om manglande sjølvtillit og dei utfordringane som følgjer med det. Det handlar også om kva som kan endre seg om ein først vågar.

Kategoriar

Fleire boktips

lettlesne bøker
ungdomsbøker
ungdomsbøker
lettlesne bøker