Tone E. Solheim: Promille

Promille av Tone E. Solheim15 år gamle Markus bur saman med mor, far og veslesøster Milla. Faren arbeider i Nordsjøen og er dermed mykje vekke. Markus ber på ei indre uro. Han er redd for at mora som har vore edru i over eitt år, skal byrje å drikke alkohol igjen.  

Kan framleis høyre lyden av boksen som blir opna, igjen og igjen. Den vesle metallbiten som lagar hol i aluminiumen følgd av kolsyra som endeleg får sleppe fri. Tenk at det som er ein heilt vanleg lyd for folk flest, er ein av dei verste lydane eg veit om.
(Solheim 2026:29) 

Markus har to nære venner som også bur i Bergen. Tim som han har kjent heilt sidan barnehagen, og Siri som han vart kjend med på ungdomsskulen. Både Tim og Siri har byrja å drikke alkohol, og dei vil gjerne ha Markus med på fest. På ulike heimefestar hamnar Markus i fleire situasjonar der han kjenner på drikkepress. Markus vil unngå alkohol fordi han veit korleis drikking har påverka både mora og familien.   

Den kvelden Markus oppdagar at mora har byrja å drikke igjen, rasar verda hans saman. Han kjenner seg heilt åleine, og prøver samstundes å skjule at mora er avhengig av alkohol.  

Siri har ei veninne, Vida, som bur eit par timar frå byen. Midt oppi alt det vanskelege, lyser Vida opp dagane til Markus med dei fine meldingane ho sender. 

Romanen er skriven i eit språk som ungdomar kan kjenne seg igjen. Promille skildrar godt korleis ein ungdom føler at han må ta ansvar for ein forelder som misbrukar alkohol. Personar kan vere i full jobb og tilsynelatande velfungerande, men likevel ha alkoholproblem. Sjølv om Promille tek opp eit alvorleg tema, skildrar romanen også gode sider ved ungdomstida, som nære venskap, forelsking og håp.  

Intervju med Tone E. Solheim

Kvifor bør ungdomar lese boka di? 

Promille tek opp eit tema som ein ikkje finn så ofte i ungdomslitteraturen, nemleg drikkepress og det å vere avhengig av alkohol. Dei aller fleste ungdomar kjenner nok til nokon som har eit problematisk forhold til alkohol – det kan vere ein forelder, ein nabo, ei tante, ein bestefar, eit søsken … Då kan det vere godt å bli minna på at ein ikkje er den einaste som har det slik, og at det ikkje er ei bør ein må bere åleine. Eg har stor tru på representasjon i barne- og ungdomsbøker. Vi treng alle karakterar vi kan kjenne oss att i, og som gjer at vi føler oss sette. Eg håpar Markus kan vere ein slik karakter for mange.

Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?
Det var faktisk ein sjuandeklassing eg møtte på eit formidlingsoppdrag, som inspirerte meg! Eg var på besøk hos klassen hans for å snakke om boka Eg er V-vida, og han spurde meg om eg hadde tenkt å skrive fleire bøker frå dette universet, spesifikt om Markus og Tim. Eg svara nei, for eg hadde verkeleg ingen planar om det, men då eg kom heim att hadde det som skulle bli Promille, allereie byrja å ta form i hovudet mitt. Så då vart det bok likevel! 

Kven trur du vil ha størst glede av å lese boka di?
Eg trur at alle ungdomar som kjenner seg litt annleis, vil ha glede av å lese denne boka (vaksne òg, for den del!).  

Kva meiner du kjenneteiknar ei god bok for 12–16-åringar?
Det finst så utruleg mange gode (og ulike!) ungdomsbøker der ute, men ein ting som ofte går igjen, er kjensler. Kjensler, kjensler, kjensler! Når ein er ungdom, kjennest liksom alt litt ekstra, og eg synest at dei beste ungdomsbøkene er dei som klarar å spegle dette. Historier som røskar litt ekstra i hjarterota, rett og slett.  

Kva slags anna bok enn di eiga vil du tipse denne målgruppa om å lese, og kvifor?
Vulkan av Zakiya Ajmi. Boka handlar kort fortalt om Anna, som må flytte inn på eit krisesenter saman med mor si. Dette er ei bok som verkeleg kjennest, med karakterar som blir verande hos ein lenge etter at boka er ferdiglesen. Både handlinga og språket i denne boka gjer ho verd å lese.  

 

Kategoriar

Fleire boktips

klassesett
dikt
Nattsol
intervju
Fotball eller livet
intervju