Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Tone E Solheim: Svarttrasta syng om natta

Edith og Martha bur i Føresvåg, og dei skal starte i same klasse på vidaregåande. Edith har flytta til det ho meiner er ei stinkande kjellarleilegheit saman med storesøster Eirin og pappa etter at foreldra har skilt lag. Ho gruer seg til første skoledag, ho møter veninnene Johanne og Veronika, og dei småkranglar. Det går rykte om Edith. Ho hatar det meste, og har vanskar med å vere i klasserommet. Ho kryp inn i hettegenseren sin.

Ho blir sitjande ved sida av Martha som er nyinnflytta i bygda, og som er alt det Edith ikkje er. Ho har lyse krøller, kler seg pent og er flink på skolen. Martha bur saman med mamma og storebror Oskar. Pappa døydde i eit bilkrasj der Martha overlevde. Martha slit med panikkangst. Men ho veit ikkje noko om rykta som går om Edith.

Edith og Martha byter på å vere eg-forteljarar i kvar sine korte kapittel, og dei liker kvarandre og tenker på kvarandre, merkeleg nok. Dei liker kvar sin musikktype og kvar sine klede, og har kanskje ikkje så mykje felles. Og det blir mange forviklingar og mange misforståingar mellom dei. Dei sender kvarandre tekstmeldingar som den andre ikkje alltid svarer på. Max er vennen til Martha, men han er absolutt ikkje venn med Edith. Ho har ein gong dytta han ned ei trapp og ropt ut om han frå eit bordtennisbord. Edith hamnar ofte i trøbbel og slåstkamp.

Sivert er stor og sterk, og framstår som ei bølle dei andre er redde for. Edith ber ein kveld Sivert om å kjøpe øl for seg, men ho har for lite pengar og stikk av med ølposen. Her finn ho ein hasjdose som ho kastar i søpla til naboen. Men dette fører til at Sivert er etter ho og trugar ho med kva som vil hende om ho ikkje betaler. Og prisen går stadig opp.

Etter kvart innrømmer både Edith og Martha overfor kvar sine venner at dei er forelska i den andre, men dei fortel det ikkje til kvarandre. Kvar gong dei er nære kvarandre og kunne ha sagt noko, trekker ein av dei seg eller noko utanforståande bryt inn. Ein dag sender Martha ei melding til Edith om at ho liker ho svært godt, men at ho synest det har vore altfor mykje tull frå Edith si side. Ho ber Edith ringe tilbake den same kvelden, elles skal dei ikkje vere venner meir. Edith ringer ikkje, men også det har ein god grunn.

Tone E. Solheim skriv om ein viktig tematikk for mange unge. Desse to jentene er forelska i kvarandre, sjølv om dei rotar det til for seg sjølve og kjenner seg usikre på kva dette er. Vennene og familiane deira viser stor forståing, og ytrar seg ikkje negativt om forelskinga. Sjølv Max aksepterer det, og seier at ein ikkje vel kven ein vil bli forelska i.

Kategoriar

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
ungdomsbøker