Tone Nilsen-Bie: Fotball eller livet

Fotball eller livetNokon følgjer spelereglane  og andre ikkje, dette gjeld både på fotballbana og i livet elles til ungdomsjentene vi møter i novellesamlinga Fotball eller livet av Tone Nilsen-Bie. Dette er hennar tredje ungdomsbok, og samlinga består av åtte korte noveller som til saman utgjer 84 sider.  

Handlinga er lagd til eit ungdomsmiljø, nærare bestemt eit fotballmiljø med ambisiøse jenter, der fleire konkurrerer om plass på J16-landslaget. Vi følgjer ein jentegjeng som alle er flinke, og som både støttar og utfordrar kvarandre. Samstundes ligg det eit press i miljøet, både frå omgjevnadene og frå jentene sjølve. 

Novellene er korte og hendingsrike, med eit tydeleg handlingsdriv, og dei inneheld ofte uventa vendingar som kastar nytt lys over det vi har lese. Fleire av jentene ber på løyndomar, og desse spelar ei viktig rolle i utviklinga av tekstane. 

Tematisk tek samlinga opp ulike sider ved det å vere ungdom, som identitet, prestasjonspress, vennskap, konkurranse, men også kor langt ein er villig til å gå for å oppnå det ein ønskjer. Forfattaren treffer godt i skildringa av miljøet, og skriv på ein måte som gjer tekstane tilgjengelege og engasjerande for unge lesarar. 

Dei korthogde novellene har òg ein eigenverdi ved at dei er tydelege i oppbygginga og drivne fram av mykje dialog. Difor kan dei eigne seg som utgangspunkt for arbeid med novelle som sjanger, spesielt på ungdomstrinnet. 

Novellene kan lesast kvar for seg, men dei heng likevel saman gjennom at vi møter dei same personane i fleire av tekstane. 

Samla sett er Fotball eller livet  ei lettlesen og engasjerande novellesamling for ungdom, som også kan gi gode inngangar til arbeid knytt til noveller. 

Forfattar og dramatikar Tone Nilsen-Bie har tidlegare gitt ut to ungdomsbøker, novellesamlinga Sumarvariasjonar og romanen På leit etter hjartet ditt.

Intervju med forfattar Tone Nilsen-Bie

Tone Nilsen-BieKvifor bør ungdommar lese boka di? 

Fotball eller livet er ei novellesamling som består av åtte ulike noveller som alle handlar om veldig ulike tema. Og derfor kan kanskje fleire finne noko dei synest er spennande å lese om. At novellene er korte, men likevel fullverdige historier, er noko eg håpar og trur at mange ungdommar vil setje pris på. I tillegg har eg valt å skrive alle novellene frå same miljø, og har bygd boka opp slik at ein også kan få ei overordna historie med på kjøpet, om ein vel å lese novellene kronologisk, frå A til Å. 

Kva inspirerte deg til å skrive denne boka? 

Eg vart inspirert til å skrive denne boka av å tenkje gjennom kor gode venner eg og lagvenninnene mine var i ungdomstida. Vi trudde vi visste alt om kvarandre, men no som vi har vorte vaksne, innser eg kor mykje vi faktisk ikkje visste. Det var både store og små løyndommar vi bar på, men samstundes hadde vi det veldig artig saman. Sjølv om eg har brukt enkelte erfaringar frå eige liv, så er ting blåste mykje meir opp i boka. Og det er til sjuande og sist 100 % fri fantasi som er samla mellom permane.  

Kven trur du vil ha størst glede av å lese boka di? 

Kanskje nokon tenkjer at ein må spele fotball for å like boka, men det trur eg ikkje er naudsynt. Sjølv om handlinga er knytt til eit fotballag, så dreier det seg aller mest om livet. Alle som har vore knytte til eit lag, ei foreining, ein gjeng eller ein klasse, kan spegle seg i ulike hendingar. Og sidan det er så mange ulike tema som blir tekne opp, trur eg boka kan treffe mange. Ungdomsskuleelevar er nok i hovudmålgruppa, men eg trur faktisk at alle som har vore ungdom, kan kjenne seg igjen. 

Kva meiner du kjenneteiknar ei god bok for ungdommar? 

Ei god ungdomsbok skal underhalde! Så enkelt og så vanskeleg! For kva gjer ei bok underhaldande? Det finst nok like mange svar på det som det finst ungdom. Nokon vil ha høgt tempo, nokon vil ha kjærleik, nokon vil kjenne lukta av bensin og nokon føretrekkjer kanelbollar. Nokon liker kunst, andre kampsport. Så la mangfaldet i litteraturen vere stort slik at alle ungdommar kan finne ei bok som treffer akkurat dei.

Kva slags anna bok enn di eiga vil du tipse denne målgruppa om å lese, og kvifor?  

Det finst mange gode ungdomsbøker og dyktige forfattarar, så å velje ei er ikkje lett. Eg trur eg må trekkje fram Neda Alaei og hennar bøker. Alle er gode og tek opp viktige tema, og ho skriv autentisk. Eg vil også trekkje fram Ann Helen Kolås Ingebrigtsen, som skriv på nynorsk, som meg. Ho har så langt gitt ut tre bøker, som alle er svært ulike, men medrivande på kvar sin måte. 

Fleire boktips

Over mitt lik
9–12
intervju
Jens Kihl: Blakk
unge vaksne
ungdomsbøker