Opplegg til boka:
Les for livet: Opplegg til Svarte-Mathilda
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 14–21)
Denne historia handlar ikkje om korleis Marie hata leilegheita si, nabolaget sitt, far sin, skulen sin og mor si. Historia handlar ikkje om henne eingong.
Denne historia begynner med at Marie døyr.
Augene hennar hadde vore opne då mora fann henne, og den livlause kroppen hadde vore full av mørkt blod.
Slik opnar Tor Arve Røssland si nye ungdomsbok Svarte-Mathilda.
Røssland har til saman skrive sju bøker for barn og unge. Dei meste kjende er serien om Pode, der forfattaren leikar seg med alt frå tyngdekrafta til vondskapsfulle kloningar. I bøkene om Pode er sjølv alvoret morosamt. Slik er det ikkje i Svarte-Mathilda – denne boka er eit skikkeleg grøss.
Hovudpersonen Elisabeth er fjorten år, og ho har nett mista broren sin i ein stor brann. I tillegg har foreldra hennar gått frå kvarandre. No må ho og mora flytte til den same leilegheita som Marie budde og døydde i for tjue år sidan. Det tek ikkje lang tid før Elisabeth oppdagar at det spøkjer i den nye heimen, og med hjelp frå klassekameraten Philip byrjar ho å grave i fortida. Det er ikkje hyggeleg det dei finn.
Røssland fortel at han fekk ideen til forteljinga då dotter hans og nokre venninner leikte «Svarte-Mathilda» og kom skrikfnisande ut frå badet. Dette er nemleg ein livsfarleg leik. Du tek med deg eit stearinlys, eller ei lommelykt, og stengjer deg inne på badet. Så skrur du av lyset og seier namnet til Svarte-Mathilda sju gonger med låg røst. Den sjuande gongen kjem spøkjelset hennar ut av baderomspegelen, og då må du springe, for elles drep ho deg.
Meir vil eg ikkje røpe. Boka er ein uføreseieleg sidevendar som vil få det til å gå kaldt nedetter ryggen på nokon og einkvan. Grufulle hendingar og spøkjelse står i kø, og alt skjer i eit forrykande tempo. Svarte-Mathilda er ei bok for dei som sluker bøker, men også ei bok du kan hekte ein ikkje-lesar med: Spennande frå første til siste sida.
Boka finst òg som digital lydbok.