I denne romanen vert vi tekne tilbake til hausten 1944. Noreg er okkupert av Tyskland. Eit kanadisk fly naudlandar på Haugland i Bjørnafjorden. Mannskapet på flyet kjem seg ut av vraket, men kva skal dei gjere no? Ikkje langt unna er tyske soldatar som vil ta dei. Mannskapet treng hjelp frå bygdefolket. To av dei er ungdomane Arne (17) og Astrid (18) som på kvart sitt vis vert viktige bidragsytarar. Å hjelpe allierte soldatar under krigen kan vere livsfarleg.
Arne bur saman med familien sin på fastlandet, medan bestekompisen Ole bur på ei øy. Arne kjenner Astrid frå barndomen, og han har eit godt auge til ho.
Astrid bur saman med tanta si, Berit, som har ein gard. Tanta har ein ven som heiter Martin. Han rekrutterte Astrid til Milorg, den militære motstandsrørsla, då Astrid var seksten år gamal. Astrid fraktar viktige meldingar mellom Os og Bergen. Thomas, som er offiser i den tyske hæren, trur at Astrid er kjærasten hans. Thomas vil gifte seg med Astrid når krigen er slutt. For Astrid er det svært krevjande å spele ei dobbeltrolle.
Mor, far og dei to brørne til Astrid bur i Laksevåg i Bergen. Etter at dei vart med i Nasjonal Samling, det norske nazistpartiet, har Astrid mista kontakten med dei. Astrid tenkjer spesielt mykje på veslebroren Geir (10), som er eit uskuldig barn. For Geir er det vanskeleg å vere på skulen fordi familien hans vert stempla som quislingar og landssvikarar. Storebroren Jørgen har undervist på hirdførarskulen i Oslo. Jørgen vil at veslebroren Geir skal bli medlem i Gutehirden – den norske ungdomsforeininga for nazistar.
Handlinga går føre seg både i Bergen og i området rundt Bjørnafjorden. Astrid og Arne er hovudpersonane i boka. Historia blir også fortald gjennom veslebror til Astrid, Geir, som er ein sentral person i forteljinga. Dei vekslar mellom å vere førstepersonsforteljarar. Dette grepet gjer at vi som lesarar får ei kjensle av å vere til stades i den spennande handlinga. Vi får også eit godt innblikk i kva ulike personar tenker om kvarandre. Spørsmålet om kven ein kan stole på og ikkje, og kva side ein er på i krigen, står sentralt i romanen. Kvart kapittel startar med namnet på forteljaren, stad, dato og tid.
Boka inneheld ein del skildringar av bombing, tortur og skadar, og passar truleg best for elevar i ungdomsskulen og vidaregåande.
Boka Alt er lov er inspirert av sanne historier, men alle personane er oppdikta. Forfattar Tor Arve Røssland skriv meir om korleis han har jobba, i etterordet.
Denne boka høver godt til tverrfagleg arbeid med 2. verdskrig som tema. Elevane kan til dømes søkje i lokalhistoriske kjelder for å finne meir informasjon om kva som skjedde under krigen der dei bur.
Lån klassesett frå Depotbiblioteket.
Utdrag frå boka:



