Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Tor Arve Røssland: Den siste krigen. Overleve 3.

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka

Den spennande historia om Jamal og Eira held fram der bok 2 i serien slutta, på dag 26. Dei er om bord på forskingsskipet Bluenose igjen, og på flukt frå nedising og ekstrem kulde. Heile den nordlege halvkula er snart dekt av is. Vulkanutbrot, havstiging og eit uventa ekstremvêr gjer at mange er på flukt. Nokre få har kome seg om bord på Bluenose. Jamal er med, men han kan ikkje lenger gå, og både Eira og faren hans er bevisstlause. Ingen veit korleis dette kjem til å gå. Skipet har mista all kontakt med omverda, ingen nettverk fungerer lenger. Det er tre dagar sidan dei flykta frå Bergen. Bluenose pløyer seg fram i isen, det ristar og skranglar, og det kjem enorme snømengder.

Kan dei verkeleg overleve dette? Kanskje er det ikkje nokon vits i å prøve heller. Det er mange personar som er blitt borte, og det er lite å sjå fram til. Dokter Lee passar på Eira og faren, men Jamal synest det er vanskeleg å stole på han. Lee har jo vore kaptein på det amerikanske kanonskipet som borda dei på Bluenose. Heldigvis kjem Eira seg på føtene etter kvart.

Mange folk er døde, og dei manglar fagfolk om bord, mellom anna maskinsjef. Skipet har vanskar med å ta seg fram i den tjukke isen, og dei står ei stund fast i den engelske kanalen. Dei manglar både straum og drivstoff om bord, og faren er stor for at dei kjem til å fryse i hel eller døy av svolt.

Ein dag oppdagar Eira eit piratskip, og det blir slått full alarm. Dei blir angripne og skotne på. Jamal foreslår at dei skal prøve å lure piratane. Kanonane om bord verkar ikkje lenger, men det veit jo ikkje piratane. Først ser det ut til å lykkast, men vindauga på Bluenose var ikkje skotsikre likevel. Brått snur piratskipet om, og Eira hiv seg over Jamal og kyssar han. «Takk», seier han. Kva tyder nå eigentleg dette?

Kulda er den største fienden. Dei må kome seg sørover det fortaste dei klarer, og Kimmy Hansen er ein stødig kaptein. Alle folk har sin eigen chip i kroppen, og det gjer at Dominion kan overvake alle. Dei har dronar å sende ut, og desse kan angripe og ta livet av folk. Bluenose set kursen mot Madeira, og det blir litt lysare i vêret og litt mildare. Kari Volle som har krangla seg om bord, tilhøyrer Eliten, men ho har eit hus på Madeira. Ho har også kontaktar som gjer at dei kan segle forbi alle dei andre flyktningskipa som ventar på å få legge til land. Volle tar motvillig med seg alle frå Bluenose inn i huset, der alt dei gjer blir overvaka.

Etter kvart blir det uklart om det er den store iskanten som er den største trusselen, eller om det er kanonskipa frå Americas. Dei finn ein drone i huset, slik at dei kan sjå kor mange og kva slags skip det er i hamna. Så legg dei ein svært risikabel plan. Dei må overtyde kaptein Kimmy om å rette dei varmeskytande kanonane mot iskanten, og dermed få ho med på eit opprør mot Dominion. Først må dei klare å snike seg om bord i Bluenose. Nå startar ei intens planlegging. Sergei og Embret skal avleie soldatane som held vakt, slik at Eira og dokter Lee kjem seg om bord. Vil dei klare det, og vil dei få Kimmy til å gå med på planen? Tilbake i huset sit Olaf klar bak datamaskinane: «Tenk at heile verdas skjebne ligg i hendene på ein hackar frå Bergen. Kven skulle trudd det?» Så brakar alt laus.

Intervju med forfattaren
I spenningsserien Overleve blir vi tatt med til ei nær framtid der menneska er utryddingstruga. I dette intervjuet fortel forfattar Tor Arve Røssland om serien.

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
9–12