Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Tor Arve Røssland: Overleve bok 2 – Istid

I Istid, den andre boka i Overleve-serien, er forskingsskipet Bluenose tilbake i Bergen. Handlinga er sett til ei nær framtid, og Bergen er prega av massive klimaforandringar. Havet har stige, og gigantiske dike må sikre eit jamt havnivå i Bergensbassenget. Etter at vulkanen på Jan Mayen har vorte sprengd i lufta, er det ikkje berre regn ein treng å uroe seg for i Bergen. Palmane som er planta i byen, har nok ei usikker framtid. I førre bok vart forskingsskipet, Bluenose, skada av angrep frå Americas, ei aggressiv samanslutning av nasjonar frå det tidlegare Sør-Amerika og USA. Etter ein del reparasjonar legg Bluenose ut på tokt igjen, denne gongen med nye leigetakarar med løynde formål.   

Framleis fylgjer vi trettenåringane Jamal og Eira, som i annakvart kapittel vekslar på å fortelje si historie. Men denne gongen er det berre Jamal som er om bord i «Bluenose» på det nye toktet. Her vert Jamal kjent med Olaf som er ekspert på software og ubåtar, men er han til å stole på? Er det tilfeldig at robotbeina som gjer at Jamal greier seg utan rullestol, plutseleg sluttar å verke?  

Eira, derimot, er glad og letta over å vere heime igjen, sjølv om ho innrømmer at ho kanskje kjem til å sakne Jamal. Ho gler seg over å kunne treffe venene Jeanette og Betty, men ting er ikkje slik som før ho reiste. Kvifor vil ikkje Jeanette svare når ho ringer? Vil Betty ha Jeanette for seg sjølv? Dei som alltid har vore så gode vener! Då Betty og Jeanette reiser ut av Bergensbassenget til ei eksponert hytte, vert det ein kamp på liv og død.  

Romanen står fram som mørk og dystopisk, og det er mykje dramatisk som hender. Stundom står det om livet for dei involverte. Klimakrisa er eit viktig bakteppe, men også andre tema som vennskap og utestenging vert belyste. Boka viser fram vanskelege val, og det handlar om å stole på seg sjølv. Rolla til media vert også sett søkjelys på.    

Illustrasjonane er laga av Nikolai Lockertsen. Dei er i svart/kvitt og illustrerer godt den dystopiske stemninga. Bileta er realistiske og gir eit godt inntrykk av det som vert skildra, og dei kan hjelpe lesaren med å danne seg eit bilete av dei dramatiske situasjonane som oppstår. 

Intervju med forfattaren
I spenningsserien Overleve blir vi tatt med til ei nær framtid der menneska er utryddingstruga. I dette intervjuet fortel forfattar Tor Arve Røssland om serien.

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
9–12