Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Trude Tjensvold: Raud Volvo

Trude Tjensvold: Raud VolvoI denne teikneserieromanen kjem vi rett inn i den utfordrande ungdomstida.

Jenny føler at veninna Ann-Sofi har blitt så annleis. Ann-Sofi heng med eldre ungdomar no. Ein av dei er Mikke med den raude Volvoen.

Jenny kjenner seg barnsleg og skulle ønske ho var meir som veninna Ann-Sofi. Jenny får til eit hemmeleg møte med Mikke, men ingen ting blir som ho har tenkt.

Raud Volvo er ei hybridbok med nokre teikneseriesider og nokre sider med rein tekst. Boka vart gjeven ut i samarbeid med Leser søker bok og handlar om overgrep og om å setje grenser.

Fleire boktips

6–9
ungdomsbøker
lettlesne bøker
3–6