Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Überterror

Teikneserieantologien Über er ute i nytt nummer med bidrag frå 8 ulike teikneserieskaparar. Heftet er den trettande teikneserieantologien frå forlaget Überpress. Temaet i denne utgåva er terror, og teikneserieskaparane lyftar fram dagsaktuell tematikk i underhaldande form. Omgrepet terror ber mange tydingar, og kvart bidrag skildrar fenomenet frå ulike perspektiv.

Kontrakten av Trine Lise Normann

Vi møter lærar Olsen som er nytilsett ved Sisyfos, ein prestisjetung, men noko mystisk skule. Ho blir kasta inn i undervisningsrolla med det same, men møter ei apatisk og lite responderande klasse. Kva er det som føregår? Allereie same dag opplever ho at nokon har tukla med lunsjen hennar. Med hånlege og mistenksame blikk og doserande instruksar er det klar tale frå leiinga om kva som må til – ulydnaden må straffast ut av elevane.

Teikneserien ber sterkt preg av psykisk terror og paranoia. Det visuelle spelar godt på lag med teksta, og fargebruken tilfører stemning og intensitet.

Kald som eld av Jey Levang

I Kald som eld blir lesaren tatt direkte med inn i eit rom med lada stemning. Leiaren i ei motstandsgruppe talar til samlinga, men hovudkarakteren Nora er frustrert over at det blir gjort for lite. Ein mistenker raskt at noko er i gjerde.

Forteljinga skildrar konflikten mellom desse to karakterane og det valdelege utfallet han får. Mykje av innhaldet i forteljinga spelar på kontrastane mellom motstandsgruppa si sak og Nora sine planar om ein meir slagkraftig protest.

Innsida av Lars Erik Helgemo

Teknologibedrifta OMNiT er ei av dei største i verda, men det svirrar alvorlege skuldingar om at leiaren i organisasjonen er involvert i våpenhandel, svindel og korrupsjon. Er det berre vondsinna rykte, og kva med alt det gode organisasjonen gjer? Helgemo utfordrar ideen om at forholdet mellom godt og vondt ikkje berre er svart-kvitt, men nyansert. Kan det eine vege opp for det andre?

Resistansen av C. Vinter

Vi møter ei gruppe medlemar i resistansen som er i gang med eit hemmeleg oppdrag. Dei blir avslørte av ei anna gruppe, og dette utløyser ein kamp.

Vinter skildrar paradokset det er å kjempe mot skytevåpen gjennom å yte meir vald, på ein fengjande måte. Ho trekkjer fram finurlege observasjonar som står i kontrast med den meir opprørske og valdelege overordna tematikken. Dette grepet tilfører humor og gjer karakterane i forteljinga meir nyanserte.

Trygg forvaring av Victoria H. Hamre

Trygg forvaring skildrar kvardagen for ei gruppe unge menneske på institusjon. Hamre rører ved ulike element som er relevante i lys av denne tematikken, som til dømes isolasjon, det å sjå enkeltindividet og å føle seg bunden av restriksjonar. Teikneserien gir stort rom for tolking og er eit interessant utgangspunkt for vidare analyse.

Lemenkongen av Anders Sekanina og Regine Toften Holst

Ei gruppe Odins venner tek over ei byblokk og gjer ho til sitt territorium. Men okkupasjonen byr på uventa problem når andre får sin søte hemn.

Lemenkongen er ein actionfylt og humoristisk teikneserie som viser at list kan sigre over mannskraft og vald.

Heimekos av Tuva Røisli

Vi blir med inn i eit nyinnflytta hus. Dei to personane i huset pratar om det forfalne huset og den skumle kjellaren, og vi ser rotter som lurer i krokane. Guten ber på ein katt, og vi ser at katten fylgjer ei rotte ned i underetasjen. Resultatet blir skjebnesvangert for det vesle husdyret.

Heimekos har ei stemningsfylt oppbygging der lesaren tidleg sansar at noko er i gjerde.

Levert på døra av Are Edvardsen

Hovudpersonen er redd omverda og har barrikadert seg innandørs, der einaste kontakt med omverda er TV og radio og eit tilfeldig pizzabod. Levert på døra adresserer angsten og frykta som kan kome av eit turbulent og usikkert samfunn prega av terror, og dei fatale følgjene dette kan få for enkeltpersonar.

Edvardsen flettar tekstlege og biletlege element frå dei andre teikneseriane inn sin, og teikneserien er med dette eit godt utgangspunkt for arbeid med intertekstualitet. Tematikken er svært relevant og rører ved det ubehagelige spørsmålet om korleis verdsbiletet i dag kan påverke oss.

Fleire boktips

6–9
krim
dikt
unge vaksne