Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Bokomtale

Zakiya Ajmi: Vulkan

Til nynorsk av Runa Kvalsund

Anna, eg-forteljaren, og mamma kom til mursteinsbygningen for to veker sidan. Dei eig nesten ingenting, og skvett kvar gong mobilen vibrerer. Anna skal ha samvær kvar andre helg med faren sin. Dermed forstår vi at pappa har vore valdeleg mot mamma, og at dette er bakgrunnen for flyttinga. Både Anna og mamma slit med traumereaksjonar etter dette. Anna har konsentrasjonsvanskar, kjenner seg kvalm og svimmel og tissar seg ut innimellom. Ho har ein ryggsekk ho har kjøpt brukt, og denne har ho alltid med seg sjølv om han er tung. Oppi sekken har ho lykkesteinen ho har fått av Thomas, som ho blei kjent med på krisesenteret. Mamma er mykje i si eiga verd, ho driv mest med mindfullness, og tenker ikkje på at dei treng mat og reine klede. Begge strevar med å få liva sine til å fungere. 

På skulen er Anna mest opptatt av Chili, som raskt blei veninna hennar. Chili på si side er mest opptatt av Oscar som ho er forelska i, og som speler i band. Anna har ikkje ein eigen pult, men sit der det er ledig. Anna tenker mest på andre ting enn det som går føre seg i timane. Ein av dei ho tenker på, er Idris som går i parallellklassen. Han har lagt ut videoar på YouTube der han driv med freerunning/parkour. Ho vågar å sende han ein venneførespurnad, og så møtest dei. Han vil gjerne lære Anna å hoppe. Han seier ho vil kjenne på suget i magen. Anna kjenner ofte sug i magen, men av andre grunnar. 

Når Anna møter pappa, er stemninga anstrengd. Han rakkar ned på mamma, og har mykje raseri i seg – «Eg gjorde faen meg alt for henne», seier han og kallar mamma for ei «sjuk kjerring og løgnar». Eit besøk i tivoli endar med at pappa berre går. Anna kan hugse at dei av og til hadde gode stunder då ho var yngre.  

Anna går til krisepsykologen, og haldninga hans er at alt ho opplever og tenker på, er normalt. Det synest ikkje Anna. Ho kjenner det som om ho lever på to tektoniske plater, og at det kan komme eit vulkanutbrot når som helst. Det rotar seg til mellom Chili og ho, og mellom Idris og ho. Heldigvis møter ho ein bussjåfør som bryr seg.  

Romanen har ein spennande komposisjon. Det vekslar mellom nåtid og fortid, og opnings- og avsluttingskapittelet minner om ei filmatisering. Vi får lese meldingane ungdommane sender kvarandre. På nokre sider er det ein faktatekst som handlar om vulkanar og utbrot, og folk som lever i nærleiken av dei. Desse tekstane er parallellar til personane og handlinga i romanen. Vi kan bli usikre på om det er verkelege hendingar, eller om det er noko berre Anna synest er reelt.  

Romanen tar opp mange ulike problemstillingar – for mange. Vi les om vald i nære relasjonar, overgrep, klamydia, venninnekrangel, sjølvmordsforsøk, hasj, nakenbilde på mobilen, vanskeleg kommunikasjon og kjærastevanskar. Det blir litt vel mykje i ein roman.  

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

Tor Arve Røssland: Overleve 2
spenningsbøker
fantastisk litteratur
fantastisk litteratur
ungdomsbøker