Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Agnes Ravatn: Gjestene

Hovudpersonen Karin endar ufrivillig opp med ei vekes sommarferie i ei lånt luksushytte. Ho kjenner seg underlegen hyttenaboane, og fortel løgner for å passa inn. Romanen startar i det Karin og ektemannen Kai kjem fram til hytta. Hytta er svært luksuriøs, men Karin har på ingen måte lyst til å vera der. Hyttelånet har komme i stand mot hennar vilje, og ho føler seg svært ukomfortabel der. Ho freistar å møta kjensla av å vera underlegen med å vera overlegen. 

Nabohytta tilhøyrer forfatterparet Per og Hilma. I eit tilfeldig første møte med Per fortel Karin ei lita løgn, og det skal etter kvart balla på seg. Det heile utviklar seg til eit kammerspel mellom Karin og Kai og dei to hyttenaboane, med hytteeigarane Iris og Mikkel som stadig tilbakevendande skuggar. 

Hovudpersonen er så usikker og nevrotisk at ein ikkje veit om ein utan vidare skal ta alt ho seier for god fisk. Det er noko svært gjenkjennelig ravatnsk over denne boka, med mykje humor og eit skarpt blikk for det ubehagelege som kan oppstå i og mellom menneske. 

Kategoriar

Fleire boktips

ungdomsbøker
krim
dikt
unge vaksne