Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Aina Basso: Eg rissa desse runene

Runeinnskrifter som blei funne ved utgravingane på Bryggen i Bergen, dannar utgangspunkt for dei tretten novellene i Eg rissa desse runene. Basso lagar ei historie til kvar av innskriftene ho har valt ut. Til sist i novellesamlinga er det meir informasjon om runeinnskriftene. Dateringa av innskriftene er bestemt til 1100–1200-talet, og kjensla av at hendingane går føre seg i denne tida, får vi først og fremst gjennom ordvalet og skildringar av kvardagslivet. Vi får innblikk i korleis personane lever, gjennom skildringar frå heimen eller arbeidet på sjøen. Skjenkjestova byr på ein bolle med øl eller eit møte med kvinner som sel det dei har å by på. Hendingane går føre seg i Bergen i dei fleste novellene, det blir understreka av namn som Nonneseter, Vågen, Mariakyrkja og Kristkyrkja.

1100–1200-talet var også tida for nedskriving av dei norrøne sogene, og det er nokre likskapar mellom sogene og novellene til Basso. Namna på personane er norrøne namn, og draumar og varsel har ei viktig tyding. Sjølvsagt går det slik det blir spådd eller drøymt. Når karar blir uvener, er det på grunn av enten «ære, kvinner eller penningar». Tematikkar som ære, drap og hemn er også felles med dei norrøne sogene. Når tida går utan at noko særskilt hender, blir det summert opp slik: «Det kom vår og det kom sommar, det blei kaldare, det kom haust». Dette kjenner vi også igjen frå sogene, der det brått kan gå tre år.

I novellene er det også ei veksling mellom norrøne og kristne trekk, her er Tor og Odin ved sida av Maria og Jesusbarnet. Den eine trua utelukkar ikkje den andre, og personane vender seg gjerne til den dei trur best kan hjelpe. Oddlaug som treng botemiddel for tannverk, vender seg til galderkona Sigbrit: «Eg har skylt med piss, pirka i tanna med ei eineflis til det kom blod, og sette flisa tilbake i stamma, nett slik Sigbrit sa eg skulle gjere. Eg har togge einebær og lagt på omslag av nellik, som eg eigentleg ikkje hadde råd til å kjøpe». Då er einaste råda å gå til Bergsveinn smed for å få tanna ut. Bergsveinn «Tannknekkaren» er på si side gift med Bergtora som er hulder og kan rette ut ein hestesko med berre nevane. Runeinnskriftene kan også bli tillagde særleg styrke: «Det finst magiske runer som får ting til å skje», tenker Arne prest.

Mange av novellene har ein eg-forteljar, og hovudpersonane er både kvinner og menn. Dermed får vi også innsikt i tankane og meiningane deira, og dette skil seg frå sogene der folk blir karakteriserte ved korleis dei ser ut og gjennom det dei seier og gjer. Personane er opptekne av det nære, av familie og barn, forelsking, lengt og løyndommar. Dei må også handtere døden som kan komme brått: «Alle mistar eit barn eller fleire». Der sogene startar med å ramse opp ætta, startar novellene in medias res.

Fleire av personane og nokre hendingar er med i fleire av novellene. I den første novella «Måtte Tor ta imot deg, måtte Odin eige deg» er det Solrun som fortel om livet etter at mannen hennar, Havgrim, har drepe Harald med ei øks. Oddlaug har vore tenestejente hos Solrun, men kan ikkje vere der lenger når Solrun må skjule Havgrim. Oddlaug møter vi att i «Torkell myntmeister sender deg pepar» der ho er eg-forteljaren. Oddlaug drøymer om å få eit barn, og får hjelp på uventa vis av Solrun.

Som alltid legg Basso forteljingane tilbake i tid, men ho har tidlegare ikkje lagt hendingane så langt tilbake i tid som nå. Men det er vellykka, Basso skriv enkelt og godt. Desse novellene kan veldig godt brukast i vidaregåande skole, til dømes kan ein samanlikne form og innhald med islendingesogene. Dei vil høve rett inn i kompetansemålet «lese norrøne tekstar i omsetjing og samanlikne dei med tekstar frå nyare tid».

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

Brynjulf Jung Tjønn: Norsk kjærleik
dikt
Erlend Skjetne: Størst og minst
intervju
Therese Garshol Syversen: Eg skal rive deg i filler
intervju
Anders Totland: Til døden skil oss
humor