Aina Basso er historikar og ein prislønt forfattar. Bøkene hennar har unge kvinner sine vilkår som tema, og har handlingar frå 1600- til 1800-talet. I tidlegare utgjevingar har vi fått lese om taterar, heksebrenning, straffa og dødsdømde. I Før det blir morgon er vi i eit bondesamfunn i Noreg i 1733. Josefa på femten år skal vere tenestejente på ein storgard. Ho er forplikta til å arbeide på garden i eitt år, og vil bli straffa om ho forlét tenesta før tida. Heime er det venta eit nytt barn, og Josefa har måtta forlate det trygge og varme tilværet heime for å brødfø seg gjennom arbeid. Ho går frå ein trygg barndom til eit for tidleg vaksenliv, slik som var mykje vanleg på den tida.
På garden møter ho den unge drengen Ole, gamle Olna som har arbeidd på garden sidan ho sjølv var ung, den eldre drengen og historieforteljaren Karl, og jamaldringen Sara – som også er tenestejente. Desse utgjer mest ein ny familie for Josefa. Sara blir ei god og trufast venninne, og kanskje har ho kjensler for Josefa som er sterkare enn det også.
Det er stor skilnad mellom eigarane av garden og tenestefolket. Det autoritære og kalde frå eigarane gjer at ein i stor grad kan miste sjølvbestemming over seg sjølv. Og særleg dersom ein er ei ung jente av lågare status. Husbonden viser seg å ikkje vere til å stole på, og han er brutal i ugjerningane sine. Men det er uskuldige Josefa som må betale for ugjerningane og uhelsa han påfører henne. Josefa blir håplaust med barn, og føder eit livlaust menneske ei stormfull vinternatt aleine.
Vi blir sogne inn i forteljemåten til Basso, og får lese om arbeid, draumar, håp og skjebnar. Lyse kveldar – og bekmørke hendingar – som i korleis straff og avretting skjer. Naturskildringar, segner og eventyr er med på å gje historisk forankring og frampeik.
Ungdomsromanen tek føre seg perspektiv på overgrep, skuld og straff. Vi meiner romanen passar best for ungdom frå 15 år og oppover. Han kan brukast i vidaregåande opplæring i norsk- og tverrfagleg undervisning.
Intervju med Aina Basso
Kvifor bør ungdomar lese boka di?
Eg meiner aldri at nokon bør lese bøkene mine, men det ein kan få ut av å lese denne boka, er eit innblikk i korleis det kunne vere å vere ung for tre hundre år sidan, kor få val ein hadde, særleg om ein var ei ung jente, og kor prisgitt ein var dei som hadde makt i samfunnet, som i dei aller fleste tilfelle var menn.
Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?
Utgangspunktet for boka, det gamle brotsverket «fødsel i dulsmål» – som betyr å skjule graviditeten, føde åleine og i skjul, før barnet seinare blir funne dødt – oppdaga eg då eg heldt på med mastergraden i historie for tjue år sidan. Brotsverket, metodane ein brukte for å avsløre den skuldige, og straffa – som ifølgje lova var halshogging – gjorde sterkt inntrykk på meg som ung student. I mi andre bok, Fange 59. Taterpige, hadde eg med bipersonen Josefa, som hadde opplevd nettopp dette. Ein bokbloggar skreiv at hen gjerne skulle ha lese historia om Josefa, og femten år seinare er den forteljinga endeleg komen, i Før det blir morgon.
Kva ønsker du å formidle til lesarane av boka di?
Om eg skal ha ein bodskap med denne boka, må det vere at ingen andre bestemmer over din kropp, berre du. Det er ikkje din feil dersom ein annan gjer noko med deg mot din vilje. Sei ifrå til nokon du stoler på!
Kven trur du kjem til å like boka di?
Dei som er interesserte i korleis det var å vere ung på 1700-talet, som liker ei spennande forteljing med element av grøss og skrømtehistorier, og som toler å lese om tidvis ubehagelege og vanskelege opplevingar.
Kva meiner du kjenneteiknar ei god ungdomsbok?
Då eg sjølv var ungdom, likte eg å lese romanar om viktige og alvorlege tema, som overgrep, etevegring og sorg, og sjølvsagt også om kjærleik og forelsking, med ei handling som var spennande og engasjerte meg kjenslemessig. Eg meiner det same framleis, og prøver å skrive romanar eg sjølv ville likt å lese.
Kva slags anna bok enn di eiga vil du tipse ungdomar om å lese, og kvifor?
Ein ungdomsroman som trefte meg veldig og fekk meg til å både smile og gråte, er Splintra av Hilde Myklebust. Boka handlar om å ta steget ut i eit sjølvstendig liv, å finne ut kven ein er vekke frå familien og den trygge venegjengen, om kjærleik og forelsking, og om å miste den beste venen sin.