Andrea Rudland Haave: Sytten, snart atten

Andrea Rudland Haave: Sytten, snart attenKor går grensa mellom ekte kjærleik og manipulasjon? Mia er sytten år då ho møter sin 28-årige Tinder-date på byen. Han får ho til å føle seg sett og spesiell. Men det som først verkar som ein draum, viser seg raskt å vere noko heilt anna. Lukka blir kortvarig, og ein dag dumpar han henne utan førevarsel.  

Mia er på ein vanskeleg stad i livet. Ho har droppa ut av vidaregåande, jobbar litt i ein barnehage og har berre sporadisk kontakt med mora si. Rundt henne verkar alle andre å ha livet på stell, medan ho sjølv kjenner seg rotlaus. Kanskje er det nettopp denne kjensla som gjer henne ekstra sårbar for den vaksne mannen sitt blikk – for orda hans om at ingen vil elske henne slik som han? Mia har vakse opp med ein fråverande far og ei mor som aldri heilt har fått det til, og det er kanskje difor tilknytinga til kjærasten kjennest spesielt sterk. Heldigvis har ho Karla, som alltid stiller opp når livet buttar, men sjølv det er ikkje nok til å halde henne tilbake når eksen angrande tek kontakt. Tiltrekkinga og dragninga mot han er for sterk. For er ikkje det dei har saman, noko heilt unikt? 

Dessverre utviklar ikkje forholdet seg slik som  Mia hadde håpa. Sjølv om ho skrur opp varmen, blir ikkje kulda i leilegheita borte. Ho kjenner seg innestengd, fanga i noko ho ikkje heilt forstår korleis ho hamna i. Etter kvart blir dei raude flagga umoglege å oversjå. Kjærasten er sjølvoppteken og lite interessert i Mia. Han har alltid ei melding å svare på, og det blir tydeleg at han har kontakt med fleire kvinner enn berre henne. Han vrir på sanninga og set Mia ut av spel, men verst er det når han blir mørk i auga og skuldar henne for å vere utru. Sjalusi og psykisk manipulasjon pregar forholdet, og Mia skjønar at ho ikkje kan bli verande i den destruktive relasjonen. Ho veit at ho må kome seg ut, men korleis? Karla står sterkt ved sida hennar, og sakte, men sikkert finn Mia styrke til å forlate mannen ho ein gong var så bergteken av. Samstundes finn ho eit slags pusterom i skrivinga. Ho er glad i å skrive dikt, og nettopp skrivinga hennar speler ei viktig rolle i å byggje eit nytt liv for seg sjølv.  

Sytten, snart atten er ein ungdomsroman som tek opp viktige tema som maktubalanse, psykisk vald og kor avgjerande venskap kan vere når livet blir krevjande. Gjennom skildringar gir boka innsikt i korleis små teikn kan byggje seg opp over tid, og korleis det å forstå desse signala kan vere avgjerande for å ta gode val i nære relasjonar. Ungdomsromanen er medrivande og lettlesen og passar for dei som vil ha ei tankevekkjande og engasjerande leseoppleving. 

Sytten, snart atten er ei forteljing om å bli sett og om å miste seg sjølv. Det er òg ei forteljing som viser kor viktig det er å ha nokon som held deg fast når du endeleg torer å rive deg laus.

Intervju med Andrea Rudland Haave

Forfattar Andrea Rudland HaaveKvifor bør ungdomar lese boka di?
Eg håper eg har skrive ei bok som speglar dei sterke kjenslene som pregar ungdomstida – usikkerheit, men òg styrke. Ho handlar om hekt, vennskap og store draumar, og om kjærleik som kan vere både god og vond.

Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?
Eg har alltid vore fascinert av historier som skildrar sterke følelsar og komplekse relasjonar. Eg har vorte inspirert av det meste rundt meg i skrivinga. Ting som har skjedd, og menneske eg har møtt. Det har vore spennande å prøve å få fram dei forvirrande kjenslene eit menneske kan kjenne på. Til dømes at du både kan elske og hate på same tid. 

Kven trur du vil ha størst glede av å lese boka di?

Det er vanskeleg å svare på. Men eg håper ein lesar som tykkjer denne tematikken er spennande, vil like boka. Eg trur også ein vaksen lesar kan kjenne seg att i korleis det er å vere ung og sårbar. 

Kva meiner du kjenneteiknar ei god ungdomsbok?

Det er mange gode ungdomsbøker. Sjølv liker eg godt dei bøkene som tek ungdom på alvor. Og som ikkje prøver for hardt å vere ei ungdomsbok, om det gir meining. Elles er det vel litt individuelt for lesaren kva for bøker som treffer hen. 

Kva slags anna bok enn di eiga vil du tipse ungdomar om å lese, og kvifor? 

Eg har nettopp lese Aina Basso sin roman Før det blir morgon. Anbefalar den. Elles vil eg tipse om Eg skal rive deg i filler av Therese Garshol Syversen. Eg vil også anbefale Jenny Fender av Heidi Marie Vestrheim og Familien Gnork av Thoralf Fargertun for dei litt yngre. 

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

Aina Basso: Før det blir morgon
unge vaksne
Brynjulf Jung Tjønn: Norsk kjærleik
dikt
Vegard Markhus: Alien i klassen2
6–9
Marthe Holien Bøe: Ni løgner og jakta på eit smil
6–9