Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Atle Hansen: Maria møy

Den ukjende forfattaren Jo Havn har skrivesperre. For å finne inspirasjon til sin neste roman tek han turen til staden han vaks opp, eit lite øysamfunn sør på Vestlandet. Han leiger ei rorbu av ein barndomskamerat og kjem i kontakt med fleire som bur på øya. Mykje har endra seg på dei 40 åra han har budd i byen. Øya har fått laksebaronar med stor kapital og symjebasseng i hagen, asylmottak, utanlandske arbeidarar, krisesenter, hyttefelt og bygdemuseum. Skilnaden mellom fattige og rike er større enn før, og under fasaden ulmar bygdesladderet og mørke løyndommar.

Heile boka er skriven utan eit einaste tankereferat. Forteljinga blir formidla gjennom dialogar, handlingsreferat og skildringar. Per Jan Ingebrigtsen er lærar i vidaregåande og skriv på Facebook at han har brukt boka komparativt saman med Snorres kongesoger. Desse sogene skildrar ikkje ein einaste tanke, likevel får vi eit innblikk i korleis dei levde, samhandla og tenkte på denne tida. Atle Hansen brukar den same språklege synsvinkelen i Maria møy som dei brukte i Norrøn litteratur, der du lærer personane å kjenne gjennom replikkar og handling. Boka kan slik brukast til å vise fellestrekk mellom samtidslitteratur og den historiske litteraturen.

«Maria møy» tek opp aktuelle tema som seksuelle grenser, overgrep, identitet og rusmiddelproblematikk, og både heile boka og delar av boka kan brukast for å kaste lys over desse problemstillingane.

Atle Hansen har sidan debuten i 1997 skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne. «Maria møy» er Atle Hansen si 20. utgjeving.

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker