Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Bokomtale Laura Djupvik: No fær huset

Laura Djupvik kallar dei tolv korte tekstene i samlinga for forteljingar. Dei blir fortalde av ein eg-person eller ein tredjeperson, og mange av dei er namnlause, både kvinner og menn i ulike aldrar. Dermed peikar forteljingane på nokre allmenne tematikkar.

Mange av hovudkarakterane er aleine og einsame, andre er einsame om dei er i eit parforhold. Det handlar om vanskelege liv, og det handlar om at det er vanskeleg å snakke saman. Dei kan ikkje fortelje kvarandre om det som dei innerst inne balar med. Personane tenker ofte tilbake på hendingar eller mangel på slike i fortida, og det dei kunne eller kanskje skulle ha gjort. Det handlar også om sakn og svik, og det handlar om mørke rom, både bokstavleg og metaforisk.

Utfordringane blir ikkje direkte framstilt, men vi forstår t.d. at det er noko i vegen med barnet i novella «Kan du finne meg», og at Mari, ungjenta i «Den spanske teiknaren», har nokre særlege utfordringar. Dei litterære personane er prega av ei gjennomgripande uro og draumar det ikkje blir noko av. Forteljingane har opne, uavklarte sluttar, men vi anar at det ikkje kjem til å gå bra eller ordne seg for hovudkarakterane.

Forteljinga «Den spanske teiknaren» er den einaste med ein ungdom som hovudperson. Mari likar å teikne, og den spanske svogeren hennar seier at han kjenner ein teiknar som kan undervise ho. Det viser seg å vere ein bløff. Mari er på besøk hos søstera si i Spania, og ho misliker svogeren. Ho forstår ikkje kva søstera skal med han. Etter kvart forstår vi at det er mykje Mari treng hjelp til, og at ho og søstera har hatt ein vanskeleg oppvekst.

Fleire av forteljingane har også eit metanivå, det handlar om det å fortelje, kva ein fortel eller korleis ein framstiller seg sjølv. Her er også referansar til musikk og komponistar. Ein speler ei rolle eller byter roller, men spørsmålet er vel: «Må ikkje alle spele seg sjølv til slutt?», som Rut seier i forteljinga «Sjostakovitsj».

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker