Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Brynjulf Jung Tjønn: Alt det lyse og alt det mørke

Romanen startar idet Vibeke og dottera Hildegunn skal møtast igjen etter fleire år, og Vibeke har overrekt huset sitt til dottera. Vibeke er innlagt på psykiatrisk institusjon, og ho mista omsorga for Hildegunn då ho var lita. Litt etter litt får vi greie på kvifor alt gjekk som det gjekk for 15–20 år sidan.

Vibeke vaks sjølv opp hos ein einsleg far. Han hadde vanskar med alkoholen og med arbeidslivet, og etter at han fekk skulda for ei arbeidsulykke då det skulle byggast ny kyrkje, forsvann han for godt. Vibeke måtte flytte til den ugifte tanta si, men ho lengta heile tida etter faren. Det var ingen tvil om at han hadde brydd seg om ho og gjort sitt beste, han representerte eit trygt haldepunkt for ho.

Vibeke blei sjølv gravid då ho var 16 år, men makta ikkje å ta vare på Hildegunn. Tanta tok ansvar for babyen, men då ho døydde, flytta Vibeke og Hildegunn tilbake til huset der Vibeke sjølv hadde vakse opp. Vibeke tenkte ho skulle klare alt, men det viste seg å ikkje vere så enkelt.

Det gamle huset er sentralt i historia. Det representerer både ein god og ein vanskeleg stad, stundom er det mørke skuggar der. Det er også her vi møter den sterkaste lengten etter ein far eller ei mor som er slik ein ville det skulle ha vore. Det er her vi møter foreldre som ikkje strekk til. Skogen har noko av den same funksjonen, både tillokkande og skremmande på same tid. Vi ser også korleis historier og opplevingar kan gjenta seg i generasjonar.

Alt det lyse og alt det mørke er ein roman om det vanskelege livet, det vanskelege språket og den vanskelege nærleiken. Nokre gonger er det gode stunder, men veldig ofte er det ikkje det. Alt blir formidla av Brynjulf Jung Tjønn i eit velformulert og poetisk språk.

Boka finst også som lydbok.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker