Claudia Rankine: Det kvite kortet

Charlotte Cummings er ein svart kunstnar som ønskjer at folk skal erfare kva svarte føler og opplever, og kunne forstå kva det vil seie å leve eit utsett liv. Ho meiner at fotografiet har gjennomslagskraft, og det ho fotograferer og tematiserer i kunsten sin, er vald mot svarte i USA. Ho meiner kunst kan provosere fram samanhengar og forståing. Dermed rekonstruerer ho augneblinkar, med formål at konkrete hendingar ikkje skal bli gløymde. Ho har blitt ein anerkjend og kontroversiell kunstnar og vil ikkje selje kunsten sin til kven som helst.

Nå er ho invitert på middag til familien Spencer fordi Charles er kunstsamlar og gjerne vil kjøpe eit verk av ho. Han samlar på kunst om svart liding, og det blir ein måte for han å støtte kampen til dei svarte. Formuen sin har han opparbeidd seg i bygningsbransjen. Kona hans Virginia, sonen Alex og kunsthandlar Eric Smith er også til stades. Middagen med gode og dyre vinar, som er laga til i all enkelheit fordi dei har gitt den svarte hushjelpa fri, står i kontrast til samtalen og dei emna dei diskuterer.

Middagen utviklar seg ikkje heilt som Charles hadde tenkt. Han blir konfrontert med intensjonane sine for å kjøpe kunst. Sonen Alex er aktivist i Black Lives Matter, og kritiserer stadig mora si for å ikkje forstå. Ho på si side meiner at det ikkje er noko gale i å bidra for å få betre samvit sjølv, og tar stadig til tårene. Sonen er lei av desse kvite tårene, dei hjelper ikkje. Men kan engasjementet hans mot dei kvite privilegia verkeleg utgjere ein skilnad?

Spørsmålet om ein verkeleg kan forstå kvarandre og setje seg inn i den andres situasjon blir stilt i mange variantar. Kan ein forstå det same om ein er kvit og privilegert eller svart som kjenner rasismen på kroppen? Charlotte hevdar at kvite trur dei har eit objektivt perspektiv, men det dei gjer, er å fremme interessene til dei kvite. Ho er også opptatt av det dobbeltmoralske, og seier at rikdom pregar alle delar av livet. Som døme har Charles tent seg rik på å bygge fengsla der dei svarte fangane sit. Det er vanskeleg for dei kvite å ikkje sjå svarte som anna enn offer.

Det kvite kortet er ein god og engasjerande tekst. Men dramaet inneheld mange referansar til kunstverk og kunstnarar, noko som kan gjere teksten litt vanskeleg tilgjengeleg. Likevel er skodespelet høgst aktuelt og tematiserer valdshendingar og fengsling av svarte, rasisme og amerikansk politikk generelt. Då Charles og Charlotte møtest etter eit år, seier ho: «De held fram med å vere opptatt av svarte offer og døde svarte menneske. Eg forstår det. Men kanskje ser vi i feil retning. […] Fokuset ditt på svart liding hindrar deg i å undersøke di eiga kvitheit».

Skodespelet er omsett av Kristina Leganger Iversen og Camara Lundestad Joof.

Utdrag frå boka

Kategoriar

Fleire boktips

Andrea Rudland Haave: Sytten, snart atten
intervju
Aina Basso: Før det blir morgon
unge vaksne
Brynjulf Jung Tjønn: Norsk kjærleik
dikt
Erlend Skjetne: Størst og minst
intervju