Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Dordi Strøm: Odel

I det hastige og grådige sine kast og individet sine flaue vindar, finst det bekkar, omgjevnader og strengar som vil dele medvit om djupne og age. Biletkunstnaren, scenografen, kostymedesignaren og forfattaren Dordi Strøm er her igjen, og no med romanen Odel. Flog kom ut i 2021.

På garden Stein bur Olov og Inga med dei vaksne tvillingane Ommund og Odel. Ommund har hunden Bowie. Odel har dottera Liv. Men med kven?

Det er haust. Dei velståande jegerane frå Austlandet kjem til garden for den årlege hjortejakta. Medan dei er ute i skogen, blir Bowie påkøyrd av ein bil. Like etter forsvinn Odel.

Liv har sine måtar å finne svar på. I draumar fer ho til Odel, som kryssar det snødekte fjellet i måneskin. Frå dei hemmelege romma sine – i hundekorga under kjøkenbordet, i kråa på stova, og framfor elden i kammerset om kvelden, lagar menneskebarnet Liv forklaringar og historier.

Odel vil krevje noko av deg. Forteljinga er kroppsleg. Konkret og abstrakt. Ho er både kjent og ukjent. Verkeleg, drøymande og med parallellar. Du får scener, og du får dikte med. Forfattaren og du gjer det saman, og matriarken blant hjortane leier deg. Tempoet kan vere effektivt. Det kan krevje fred, men gi uro. Du kan bli riven med, i jakta etter svar og samanhengar. Du må tilpasse deg terrenget. Til tider balansere, føle deg fram. Syn, høyrsel og lukt vert effektivisert. Det negative og positive, ro og rørsle. Tiltrekking og fråstøyting. Det handlar om dei små bilda i det store, som ein matrjosjka. Odel måler fram kulturen for «at det som ikkje snakkast om, ikkje eksisterer – det er borte».

Odel er ei samling historier om livsvilkår, og ulike uttrykk og valørar for relasjonar, dialog og innsikt. Dette kjem frå ulike perspektiv, inkludert husdyra og dei ville dyra sine. I luft, på jord og i vatn. Dette viser ein respekt for alt som lever. Naturhushaldet er nært og detaljert beskrive. Språket til Strøm er kort og konsist, ofte gjentakande. Og også poetisk. Det har noko urnorsk over seg, og innslag av kvensk og nordsamisk. Det heile er scenografisk skrive. Strøm siterer og refererer til fleire songtekstar frå den amerikanske og britiske popen og rocken på 60- og 70-talet, som kan gi haldepunkt om tid. Med Odel gir Strøm deg ei original, kunnskapsrik og lekker lesing.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker