Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Emma Manin: Barnet i veven

Handlinga startar i Solstrand i Sogn i 1880-åra og varer til 1927. Fargar-Jakob er gift med Sigrid, og dei får tre barn som veks opp, Helga, Sjur og Astri. Då Astri er seks år, døyr mora hennar i barsel. Astri flyttar då til moster si på andre sida av fjorden. Astri liker å teikne og farge, og ho lærer veving og plantefarging av moster. Då Astri er 17 år, reiser ho og moster til Kristiania der dei treffer bildevevaren Frida Hansen. Astri bestemmer seg for å starte på Den kvinnelige Industriskolen, og seier: «Her på slottet skal ein dag ein av vevane mine henge». Søster Helga vil bli jordmor, og jentene bestemmer seg for at dei slett ikkje vil gifte seg. Astri er ei kunstnarsjel som bit neglar og drar seg i håret når ho ikkje har det bra. Astri er så bestemt på utdanninga og vevinga at ho slår opp med kjærasten Hallvard.

Gunhild arbeider på butikken til foreldra på Eiraland. Hallvard, som går der på jordbruksskole, kjem ein dag innom. Dei går turar, og blir forelska i kvarandre. Ein dag frir Hallvard, og Gunhild seier ja og blir med til Solstrand. Ho tykkjer garden der er gammaldags, og ho trur det kan bli vanskeleg å komme overeins med svigermora. Gunhild tenker mykje på forventningar til ho som er ungkona på garden. Det å følgje tradisjonane i motsetnad til «å få vere fri» er ein tematikk i romanen.

Åra går, og moster til Astri døyr. Ho arvar då alt vevutstyret og slår seg ned aleine i stova på Høgdehaug. Ho arbeider hardt, og slår igjennom som kunstnar. Gunhild arbeider iherdig på garden, men Hallvard og ho får ikkje ungar. Dette tærer på forholdet mellom dei to. Hallvard på si side har kanskje ikkje gløymt Astri?

Romanen gir eit godt bilde på tidsepoken, dette er ei tid med industrialisering og endringar i landbruket. Hallvard vil satse på fruktdyrking, medan far hans synest dei skal halde fram med husdyr. Tilhøva for jenter og kvinner blir tatt opp, og her møter vi nokre sterke kvinner som veit kva dei vil i ei brytingstid. Første verdskrigen og spanskesjuka er eit bakteppe for hendingane. Det same er den litteraturen dei les, til dømes Kristin Lavransdatter av Sigrid Undset og Fred av Arne Garborg. Romanen har ein allvitande forteljar som veit litt for mykje. Romanen er innimellom for detaljrik, og hadde fortent ein strammare komposisjon.

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker