Frida Fliflet: Kan eg sjå på

Kan eg sjå på av Frida FrifletFrida Fliflet (fødd 1994) frå Bergen debuterer med novellesamlinga Kan eg sjå på. Samlinga er i spelet mellom det gode i livet, liding, det vittige, tradisjonelle og moderne. Ho utforskar tema som skam og kropp, nye, gamle, unge og eldre relasjonar. Det å bli sett – eller forsøkt oversett. Om å kjenne styrke og handlekraft, det sårbare og makteslause. I samlinga møter du eit galleri eldfulle jenter, smak av Latin-Amerika, besteforeldre, direkte musikk og litterære vink. Forteljarane er gjerne unge, den yngste er ein liten gut kanskje rundt seks år.  

Novellene er i spennet mellom det djupt menneskelege og absurde, det realistiske opp mot det overnaturlege: Ein sekstenåring som nektar å ete marsipankake i bunad, ei kvinne som blir invadert i sitt eige dansestudio, ein tjueåring med ei «greie i magen» som må fjernast straks, nakenbilde og vald. Alt skildra rått, ærleg og med ein underfundig humor.  

Stilen er både direkte og poetisk, og det ubehagelege eller underfundige blir bretta ut, litt og litt. Nokon noveller gir håp, andre viser til kriser og fall. Dei kan tolkast og samtalast om med ulik tematikk og ulike lag.  

Musikk, puls og rytme pregar samlinga, med siterte songstrofer fletta inn i tekstane. Dette er med på å utvide leseopplevinga. Fliflet arbeider som musikkjournalist, noko som kan merkast i dei lydlege og emosjonelle kvalitetane til tekstane.  

Kan eg sjå på er ein original debut som viser at novellesjangeren har kraft til å røre, utfordre og overraske. Dette er ei bok som vil passe i vidaregåande opplæring, i høgare utdanning, innanfor til dømes lesemetoden samlesing («shared reading») og kreativt i teaterfaget. Samlinga kan gi høg puls, velvære, undring og overrasking.  

Kategoriar

Fleire boktips

unge vaksne
Andrea Rudland Haave: Sytten, snart atten
intervju
Aina Basso: Før det blir morgon
intervju
Brynjulf Jung Tjønn: Norsk kjærleik
dikt