Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Frode Grytten: Den dagen Nils Vik døde

Nils Vik står opp tidleg den siste dagen i livet sitt. Han gjer slik han bruker å gjere, lagar kaffi, et frukost og barberer seg. Så høyrer han nyheitene og går ned og ser til båten. Han synest han høyrer ei stemme som seier «Eg ventar på deg nede, kjære». Det er ein regnvêrsdag i november, og han vaknar i det huset han budde som barn og sidan med eigen familie. Han skriv eit kort til døtrene, legg den siste avisa ned i kjellaren, brenner madrassen og gjer seg klar.

På veg til båten møter han Luna, hunden som har vore død i minst tjue år. Ho var alltid med i båten, og Nils kan snakke med ho om alt. Så tek dei til på den siste reisa: «Over fjorden går han. Over fjorden utan å nøle. Over fjorden som så mange gongar før. Seint og tidleg. Morgon og kveld».

Denne siste turen med båten blir også ei oppsummering av det livet han har levd og dei folka han har møtt: «Han skal gå den faste ruta, eller dei faste rutene, for aller siste gong. Han skal teikne opp det han har elska i livet, løfte det, ære det». Nils hugsar også på alt det han har gjort for aller siste gong.

Nils har hatt båten og fjorden som arbeidsplass. Han har frakta varer, dyr og folk i alle fasar av liva sine, og han har fått levert alle dit dei skulle. Nils har god kunnskap om vêr og vind og bølgjer, og båten har gått om vegen har vore stengd: «Det var kva han var, ein fjordens mann, ein ferjemann». I samtale med Luna kjem minna om ferjeoppdraga og alle passasjerane han har frakta fram. Han minnest mange fargerike personlegdommar. Nå ser han at dei ventar på han langs fjorden, og han hentar dei med seg om bord. Han spør dei alle om korleis dei døde. Her er dei gamle kjenningane: Jens Hauge, som Nils måtte frakte til byen for at han skulle finne seg dame, lærarinna frøken Alstadsæter som kom til fjorden fordi ho var forelska i Kari Aga, fotografen Robert Soth som forelska seg i Marta, den unge gitarguten Jon, og hans siste betalande passasjer, eigedomsmeklaren Aud Haver. Og heilt til sist veslebror Ivar, som takkar for at Nils fekk han i jorda. Alle røyker om bord i båten: «… å røyke er det einaste ein død man kan gjøre for å få tida til å gå».

Dei fleste minna som dukkar opp, handlar om kona hans, Marta. Vi får vite korleis dei to møttest og blei eit par, og korleis samlivet deira har vore, på godt og vondt. Han tenker på at ho insisterte på at han måtte lære seg å symje, han som hadde arbeidet sitt på fjorden. Marta døydde av hjerneslag, og Nils saknar ho inderleg.

Nils gjer opp rekneskap over livet sitt med denne siste båtreisa: «Kva har han lært av å stå her i styrehuset og glo ut?» Han observerer eit fjordlandskap som alltid er i endring, regn, vind og lys. Han tenker på giftarmål og fødslar, gravferder og dei gravide jentene han har frakta. Nå ser han at dei døde har tent bål langs leia, radioen stilnar og Nils er i ferd med å bli borte.

«Frode Gryttens brageprisvinnande roman er ein motsats så vel som ein hommage til Jon Fosses Morgon og kveld» skriv Margunn Vikingstad i Morgenbladet 22.12.23. Denne samanhengen kan vere vel verdt å undersøke nærare ved å samanlikne dei to romanane. For sjølv om det er fleire likskapar mellom romanane, er her sjølvsagt også grunnleggande skilnadar. Grytten har også andre intertekstuelle referansar i romanen, både til eiga og andre si dikting, og dei berikar forteljinga.

Det blir ikkje alltid vellykka når forfattarar skriv seg inn mot andre litterære tekstar, men dette er meisterleg gjort av Grytten og ein Bragepris verdig. Sjølv om vi veit frå første sida at Nils Vik kjem til å døy, er ikkje dette ein tragisk roman. Her finst mange morosame hendingar og ein finurleg og underfundig humor, saman med poetiske skildringar av fjorden og vestlandslandskapet. Og her er mykje eksistensielt å tenke på.

Kategoriar

Fleire boktips

Jon Fosse: Einkvan
unge vaksne
Erling A. Westgaard Flote: Utveg
ungdomsbøker
krim
dikt