Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Gaute M. Sortland: Sanne historier

Sanne historier som tittel på ei novellesamling høyrest motstridande ut. Dei ni novellene kunne i og for seg vore sanne i tydinga realistiske, men nokre av forteljingane er rett og slett for gode til å vere sanne. Så er dei på ein måte sanne likevel, fordi dei tar opp noko allmennmenneskeleg.

Tittelen på novellesamlinga er henta frå novella «April» der Jacob har fastna i ei djup kjærleikssorg og venen Halvor prøver å få han på andre tankar. Jacob fortel at han har tenkt å skrive ei bok som skal heite «Sanne historier», sjølv om han er usikker på om det skal vere sanne historier han skriv. «Berre fordi ei historie er sann, treng ho ikkje vere god. Ofte er det motsett. Det er i alle fall mi erfaring. Og ikkje minst altfor lang! Akkurat som vår historie», seier Vibeke som han har vore i lag med.

Kjærleik og død er to gjennomgåande tematikkar. Draumen om kjærleik, kjærleikssorg og forhold som er oppløyste eller held på å gå i oppløysing, finn vi i fleire noveller. Døden er til stades i fleire variantar. Her er fleire faktiske dødsfall, men også nesten død, fare for død og redsel for død. Vi les om ho som ikkje orkar å utføre hjartekompresjon på turisten som ligg i krattet, men latar som om ho har gitt han førstehjelp ved å puste og pese litt ekstra når ambulansen kjem. Vi les også om han som let som om han får hjarteinfarkt for å kome i kontakt med folk og få litt omsorg. Likevel er ikkje dette tragiske noveller, Sortland skriv med ein ironisk distanse og eit smil om munnen.

Nokre historier har tydelege vendepunkt der historia tar ei anna retning. Jacob får ein ny start i livet sitt etter ei lang badstueøkt, han kjem seg ut av kjærleikssorga og synest at tida har starta på nytt. Terje får eit silkeskjerf på bursdagen sin, og det er innleiinga til ei total forvandling. Etterpå kjøper han seg nye sko, ny klokke og får seg ein hårklipp, og han bestemmer seg for å seie opp rutinejobben han har. I «Bukkeskinnshingsten» møter vi eit eg som har selt hesten sin og «angrar som ein hund», fordi det var den klokaste hesten i verda og dei to forstod kvarandre inn og ut. Han prøver å drukne sorgene sine på Voss. Hesten sørger også, men brått kjem Lucy og tar seg av både mann og hest. Dette er viltre og sprelske historier med ein underfundig humor.

Også i «Dei små tinga» går det over stokk og stein. Når ting begynner å gå gale, så går det skikkeleg gale. Han som er familiefar og i ferd med å lage laurdagspizzaen, skjer seg i fingeren. Dette er berre starten på ein ettermiddag der det meste ein ikkje skulle tru kan hende, hender. Summen av alle dei små tinga blir ei rekke uheldige omstende med ganske alvorlege konsekvensar.

Desse novellene minner om dei han skreiv i samlinga Korte meisterverk frå 2017, der også medvitet om døden er sterkt til stades.

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker