Guri Sørumgård Botheim: Høgfjellsmeldinga

Ragna Svae er utdanna litteraturvitar og arbeider i eit lite forlag då ho får auge på utlysinga frå Norsk villreinsenter på Hjerkinn. Der har dei har ei ledig stilling som kommunikasjons­ansvarleg. Ho synest utlysinga talar direkte til ho, og bestemmer seg for å søkje. Kjærasten Lars synest ikkje ideen er like god, han vil ikkje bu på Hjerkinn. Men det er noko som dreg Ragna dit. Etter kvart skjønar vi at det er minna om ein tidlegare kjærast, Gaute.

Ragna får jobben og kjøper seg hus. Leiaren på villreinsenteret er August Ystistugu, og han gjev Ragna oppdraget med å utarbeide ein NOU-rapport i samband med at det gamle skytefeltet til forsvaret, som nå er rydda og restaurert, skal innlemmast i Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark. Eit av spørsmåla som skal utgreiast, er korleis ein skal ta vare på villreinstammen som er i området. Det går opp for Ragna at ho kjem til å vere nokså aleine om arbeidet med rapporten, det gjev ho også høvet til å få fram sine eigne meiningar. Ho høyrer Gautes stemme i hovudet: «Ragna, du er den langsynte og langsinte. Du må vera modig.»

Så Ragna trør til, held eit foredrag og kjem med inngripande forslag til korleis dei kan verne om villreinen. Desse forslaga vil t.d. gå hardt ut over turistnæringa. Forslaga hennar set sinna i kok, folk er opprørte og arge. Det er mange ulike interesser og omsyn å ta i fjellheimen. Eit av hovudpoenga til Ragna er at villreinen reagerer kraftig på både menneske og trafikk, og føreslår å avgrense allemannsretten i fjellet. Ho går også inn for å stenge den vegen som går 16 kilometer innover mot Snøheim turisthytte og stien oppover mot Snøhetta. Dette må til for å verne reinen, meiner ho. Her er også motstridande interesser mellom lokalbefolkning og turistar. Nokre av desse turistane går pilegrimsvegen over Dovre mot Trondheim. Villreinsenteret er samlokalisert med pilegrimssenteret, og desse sentera fører også til at det kjem fleire tilreisande. Det blir opplevd som eit paradoks av Ragna, og ho blir skulda for å hause opp konfliktane. Det grunnleggande spørsmålet for ho er: Kven eig fjellet?

I etterkant av foredraget ho held, får Ragna trusselmeldingar. Ho oppdagar også eit overvakingskamera på kontoret. Anton tar dette på største alvor, og saka blir meld til politiet. Ragna kjenner seg ikkje heilt trygg lenger, særleg ikkje etter at det har vore framande på døra hennar, både på jobben og heime. Kven er desse mennene, og kva vil dei ho? Ho trur seg til Teodor, ein prest som arbeider på pilegrimssenteret og som ho liker svært godt. Brått har ho endå meir å handtere. Ho liker både August og Teodor, samtidig som ho er usikker på forholdet til Lars. Korleis skal ho orientere seg i dette mylderet av ulike kjensler? Tankane på Gaute slepper heller ikkje taket.

Gaute omkom inne i fjellet for sju år sidan, men Ragna slår seg ikkje til ro med at det var ei ulykke. Ho vil finne ut meir om det som hende då, langt inne på fjellet. Ho veit at Gaute var ein naturaktivist som var medlem av ei nettverksgruppe som dreiv med ulike aksjonar. Har dette noko å tyde for truslane Ragna er utsett for?

Dette er ein svært aktuell roman som tar opp dagsaktuelle problemstillingar. Kor mykje toler naturen av menneskelege inngrep? Er det greitt for aktivistar å aksjonere på eiga hand? Ragna har tatt stilling: «Ho er ikkje på line med den verneskeptiske lokalbefolkninga, ho er ingen pilegrim, ho identifiserer seg ikkje med det moderne friluftslivet. Ho høyrer til fjellet, til dyra, plantene og steinane. Til det grunnleggande.» Botheim skildrar desse problemstillingane på eit spennande og engasjerande vis, og ho tematiserer både personlege og klimamessige utfordringar.

Meir om forfattaren og bøkene hennar finn du på www.guriheim.no

Kategoriar

Fleire boktips

Andrea Rudland Haave: Sytten, snart atten
intervju
Aina Basso: Før det blir morgon
unge vaksne
Brynjulf Jung Tjønn: Norsk kjærleik
dikt
Erlend Skjetne: Størst og minst
intervju