Romanen Lev vel, alle handlar om Gunhild som tar med seg den seksten år gamle sonen sin Knut på reise til Vancouver, Canada. Ho vil finne ut kva som hende med oldefaren hennar som forlét kona og seks born i Noreg, flytta til Canada og aldri vende heim igjen. Ho meiner også at Knut, som vi anar har ein valdsdom, treng å kome seg bort. Han er einsam og vil ingenting, og han meiner sjølv at det han treng er fred og ro.
I Vancouver tar dei inn på same hotell som oldefaren ein gong har budd på. Ikkje lenge etter forsvinn Knut, og Gunhild blir frå seg av angst. Knut dukkar opp igjen, men hendinga pregar resten av turen. Nokre dagar etter leiger dei ein bubil og drar til Vancouver Island for å finne fleire spor etter oldefaren. Det er ikkje alltid like god stemning mellom mor og son. Dei har vanskar med å kommunisere, mora masar og Knut vil ikkje seie noko. Der er ikkje enkelt å handtere tosemd på tur: «Han hadde visst det før dei reiste hit, at det ikkje kom til å bli slik ho trudde, for det blei aldri slik ho sa det skulle bli».
Gunhild masar stadig på å reise vidare, ho er rastlaus og vil oppleve meir. Ho insisterer på å gå i naturen, og bestiller ein seksdagarstur til Nootka Island for å oppleve villmarka. Det blir heilt annleis enn ho hadde trudd. Her opplever dei mykje dramatikk: angst for bjørn, å ikkje vite kvar dei er og å slite seg heilt ut, og det er ei amper stemning. «Eg har tatt han med på denne turen for å herde han», seier Gunhild, men utsegna gjeld minst like mykje ho sjølv. Gunhild blir alvorleg sjuk, og mobilen og radiosambandet er frie for straum. Dei er langt inne i audemarka aleine, Knut må hente hjelp og få mora på sjukehus.
Frank Parker, som har kjent oldefar Knut Hope, tek seg av Knut og får han med på arbeid og aktivitetar, og litt etter litt blir han interessert i tippoldefarens liv. Møtet med Frank blir avgjerande for forholdet mellom Knut og Gunhild, og Knut klarer endeleg å snakke om det som har hendt. Slutten blir annleis enn vi såg for oss i starten.
Dette er ei god og spennande bok som vil kunne engasjere elevar, kanskje mest i vidaregåande skole. Språket er godt, det flyt lett og er ikkje vanskeleg å lese.
Utdrag frå boka: