Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Hilde Myklebust: Glødepunkt

Kven skulle tru olivinproduksjon var så spanande? I Hilde Myklebust sin spanande roman Glødepunkt får både olivinstein og menneske som livnærer seg av han, hard medfart når leiinga i hjørnesteinsbedrifta i vestlandsbygda tek på seg eit altfor stort oppdrag.

Vi møter fleire personar som livnærer seg av olivinsteinproduksjon i denne nokså tragiske historia. Handlinga er lagd til dagens postindustrielle samfunn i ei lita vestlandsbygd. Lesaren får eit spanande og realistisk skildra innblikk i dei ulike fasane av industriell olivinsandproduksjon, i ei forteljing som tidvis dreg vekslar på smelteverkslitteraturen om Odda og andre industribygder på Vestlandet frå dei siste tiåra.

Det er ikkje berre ekteskapet til Guttorm, som jobbar på bergverksbedrifta Mineral Vest, og den frustrerte, barnlause kona hans, Margunn, som vert sett på prøve når bedriftsleiinga ser seg nøydd til å hyre inn barske arbeidskarar frå Finland. Finnane hjelper til med å auke produksjonen av olivinsand, ein svær ordre som òg fører til at nye landområde i nærområdet må underleggjast utvinning.

Slik møter vi òg Oskar, som etter ein lang dragkamp vert pressa til å gi frå seg garden på grunn av kravet om stadig meir olivin. Men kva gjer ein når ein får livet sitt drege opp med røtene? Den materielle og psykologiske skjebnen til Oskar kan forståast som symbolet på den pressa utviklinga i Steinsetbygda (og andre liknande bygder?) .

I Glødepunkt byggjer fleire personlege konfliktar seg gradvis opp, og heile tida dirrar spørsmålet om ein vil klare å levere den rekordstore ordren i tide. Viss ikkje, får det konsekvensar for heile lokalsamfunnet. Kanskje klarer ein det, men til kva pris?

Hilde Myklebust viser store kunnskapar om olivinsandproduksjon og tilhøva i dagens hardt pressa industrimarknad. Og ho nyttar dette til å måle eit truverdig, realistisk bakteppe for menneskeskjebnane i romanen, som òg vert knuste mot kvarandre. Slik sett har menneska i Steinsetbygda like lite dei skulle ha sagt som olivinsteinen på samlebandet, når alt kjem til alt.

Glødepunkt er ein engasjerande, realistisk roman om psykologiske brytekampar og industrielle brytingstider, og er ei forteljing som kan og bør lesast av både ungdom og vaksne.

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker