Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Hilde Myklebust: Splintra

Det har akkurat blitt sommarferie, og 10 års skulegang er over for venegjengen på fem. Mia, Else, Are, Jens og Halvor har vorte endå meir samansveisa på ungdomsskulen, men til hausten blir dei splitta. Då ventar vidaregåande for dei, med ulike linjer på ulike skular. Vi får ta del i venegjengen gjennom Mia, som er eg-personen i romanen. Venene er saman heile sommaren, og Mia oppdagar at det å skilje mellom vennskap og kjærleik kan vere vanskeleg. Are og Mia, som har kjent kvarandre frå dei var små, ser plutseleg på kvarandre med nye auge, og gjennom sommaren kjem dei nærare kvarandre. Kva vil Are? Og kva vil Mia? Føler dei det same for kvarandre? Er dei berre vener, eller er det noko meir der? 

Sommaren går, og venene heng saman. Er på festival, drikk øl, badar og nyt livet. Dei er 16 år, og livet ligg framfor dei.  Hausten kjem, og ungdomane tek til på vidaregåande, får nye vener, held kontakten med kvarandre med både besøk og tekstmeldingar. Men så blir Are sjuk. Alvorleg sjuk.  

Gjennom boka får vi vere med på ei berg-og-dal-bane av følelsar. Glede, latter, forelsking, dårleg samvit, sorg, uvisse og angst går hand i hand, og gjennom Mia sine auge får vi erfare kor vanskeleg det er å ha kjensler som spring av garde, og byter på å ta mest plass. Medan Are er på sjukehuset, går livet vidare utanfor. Mia og Else, som går på musikklinja, får viktige roller i musikalen som skal setjast opp. Dei får hovudrollene i lag med Kristian og Adil. Adil, som har mørkt krøllete hår, og som får følelsane til Mia til å ta litt ekstra fart. Er det greitt å kjenne på gode følelsar samtidig som ein er knust fordi bestevennen ligg og er alvorleg sjuk? Inne i Mia er det kaos, og kjenslene riv og slit i ho. Jens, Halvor, Else og Mia støttar kvarandre som best dei kan, og Are pushar dei til å gå ut å ha det kjekt.  

– Har du ikkje anna å gjere?
 Næh.
 Det har du visst. Det er eg som ikkje har anna å gjere enn å ligge her som eit vrak.
 Eg skal på fest i kveld, faktisk. Rett her nede. (…)
 Bra. Ta nokre øl for meg! 

Hilde Myklebust har klart å skildre ungdomstida med alle kjenslene og tankane ho inneber. Sorg og smerte og glede og kjærleik snirklar seg inn mellom kvarandre og vekslar på å ta størst plass. Gjennom Mia får vi oppleve korleis ungdomstida kan kjennast ut. Alt det gode, alt det vonde og vanskelege, alt det som er uvisst. Vi får møte trygge og gode vaksne som ser, og som er der for venene når det blir vondt og vanskeleg.  Boka har eit godt språk som tek lesaren med inn i handlinga. Tekstmeldingane som ungdomane skriv til kvarandre, vert ein naturleg del av forteljinga. Det er god plass til teksten i boka, og luft mellom linjene. Dette er også med på å gjere boka lettlesen. Tittelen «Splintra» passar godt til innhaldet til boka og skildrar alt som kan røre seg av tankar, følelsar og tolkingar i ein ungdomsgjeng i skiljet mellom ungdomsskulen og vidaregåande. Hilde Myklebust har skrive ein sterk ungdomsroman. Er du av dei som lever deg inn i bøkene du les, er det sjanse for at du innimellom kan kjenne noko vått i augekroken medan du les. 

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker