Forfattar Jens Kihl (f. 1986) skildrar korleis det var å vekse opp i Ullevål hageby med dårlegare råd enn andre. Foreldra hans vart skilde då han var under 1 år. Mora var i 20-åra og nyutdanna sjukepleiar på Ullevål sjukehus. Ho vart kontakta av trygdekontoret med spørsmål om ho ikkje heller ville trygde seg: «Då ville ho få rett på ei rekkje ordningar som kunne gjere livet lettare å leve. Det ville ikkje mamma.» (Kihl 2025:7)
Blakk inneheld tilbakeblikk på barne- og ungdomstida til forfattaren.
«Det finst ingen statistikk som fangar opp det å stå åleine på ein leikeplass når alle dei andre har reist på hytta.»
Biblioteket var ein magisk stad for Jens som barn, fordi der kunne han velje og låne bøker heilt gratis. Det var stas – heilt til det lokale biblioteket på Ullevål vart lagt ned.
Om vi spolar fram til 2025, så er privatøkonomi den store hjartesaka i politikken.
«Folk vil ha økonomisk omfordeling, men helst i retning av seg sjølv.» (Kihl 2025:20)
Blakk tek opp eit høgaktuelt tema. Korleis er det å leve med dårleg råd?
Dei siste åra har prisane stige på både mat, klede, straum, bustad og anna som vi treng.
«Å vere åleine med ansvar for barn er ein av dei vanlegaste grunnane til å ha dårleg råd.» (Kihl 2025:23)
Blakk er ein skarp samfunnsanalyse.
«Vi kan ikkje løyse omfordelingskrisa ved å be dei fattige føle seg lukkelege.» (Kihl 2025:36)
Kva samfunn ønsker vi i Noreg? Korleis skal velferdsstaten fungere? Korleis skal omfordelingspolitikken vere? Korleis kan bankmarknaden og bustadpolitikken regulerast?
Kihl set søkjelys på at det er eit problem når folk med vanlege lønningar, som til dømes lærarar og sjukepleiarar, ikkje har råd til å bu i nærleiken av arbeidsstadane sine. Sjukepleiarindeksen viser at i 2015 hadde ein sjukepleiar råd til å kjøpe kvar femte bustad i Oslo, medan i 2025 er talet omtrent 2 prosent. (Kihl 2025: 46)
Blakk er ein del av serien Norsk røyndom. Vi anbefaler boka og serien til bruk i vidaregåande opplæring. Blakk inneheld ein tematikk som ungdomane kan kjenne seg igjen i.



