Einkvan er første dramaet til Jon Fosse på mange år. Han uttalte i 2016 at han ikkje ville skrive drama lenger, men heldigvis gjorde han om på den avgjerda.
Einkvan tar opp mange av dei same tematikkane Jon Fosse har skrive om tidlegare: einsemd, vanskeleg kommunikasjon, sakn, utanforskap og forholdet til kunsten. Heller ikkje nå plasserer han dramaet i tid eller stad, men viser fram ein tilstand med mykje indre uro. Denne uroa blir meir spent og intens utover i dramaet.
Rollelista har to yngre menn, to eldre menn og to eldre kvinner. Desse to utgåvene av karakterane er svært like kvarandre, både i utsjånad og korleis dei uttrykker seg. Para av to menn eller to kvinner snakkar saman seg imellom, men dei snakkar ikkje med dei andre karakterane. Dei framfører monologar som ikkje får svar. Ein kan oppfatte karakterane som speglingar av eller parallellar til kvarandre, eller som to foreldrepar med kvar sin son, og som har dei same tankane og erfaringane.
Den første som snakkar er Fyrste yngre mann. Han kjenner det som om nokon forfølgjer han, og han er svært usikker på kven det er, eller om det er nokon i det heile, og om det finst ei orsaking. Den neste som har ein replikk er Fyrste eldre kvinne. Ho spør om han ikkje ser og høyrer henne, men ho får ikkje svar. Den eine yngre mannen seier han har leita etter den andre, og at det er lenge sidan dei har møtst. Før brukte dei å ta ein øl saman. Dei er begge kunstmålarar og skal snart ha utstillingar.
Kvinnene har leita etter dei yngre mennene, fordi det er så lenge sidan dei har trefst. Dei er mødrene deira, og har berre denne eine sonen. Dei høyrer aldri frå sønene sine, dei har vore lenge borte. Dei får ikkje svar, men held fram med å spørje om dei vil vere med heim. Dei skuldar seg sjølv, og undrar på kva dei gjorde gale. Dei kjenner det som om sønene er mista for alltid: «ja han er som død / ja som i ein død». Kvinnene insisterer på at vi treng kvarandre, og at ingen klarer seg aleine: «Einsemda er ein god ven / til ho har vart lenge nok / ganske kort pause / men då / ja då blir ho til det motsette / ja til din verste fiende».
Dei eldre mennene kjem ikkje unna kvarandre, og minnest då gutane var små og dei var med på fisketurar. Dei seier også at sønene heldt seg mykje for seg sjølv då dei var barn. Dei antydar at noko hende, men at det ikkje var vondt meint. Også mennene snakkar til sønene utan å få svar. Sønene orkar ikkje å treffe verken fedrane eller mødrene, dei vil ikkje ha noko med foreldra å gjere. Dei vil ha fred og sleppe unna masinga og unngå at nokon bryt seg inn i liva deira. Etter kvar kjem spørsmålet om kva som er verkeleg, og dei kjenner at det berre er målinga og bilda som er verkelege, og som ein motsetnad til einsemda. Avslutningsreplikken i dramaet er slik: «men utan målinga / det veit eg godt / utan bileta / er det likevel berre tomme einsemda att / Og då finst ingen røyndom lenger».
Det er eksistensielle spørsmål som blir tatt opp. Sentralt er temaet einsemd – einsemd og kunst, einsemd og sakn og einsemd som ei form for død. Det å vere aleine er ikkje det same som einsemd. Retten til å velje å vere aleine blir problematisert, det fører til sakn og einsemd for andre.