Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Jon Fosse: Kvitleik

Forteljinga startar med «Eg køyrde av garde», og vi møter eit eg som ikkje veit kvar han skal, men som køyrer på måfå og tar annankvar gong til høgre og venstre, heilt til han køyrer seg fast på ein skogsveg. Han veit ikkje heilt kvar han er, men kjenner på redsle, tomheit og keisemd. Bilen står fast, og det er ikkje høve til å snu. Eg-et tenker det er langt å gå før han kjem til landevegen og til folk. Derfor blir han berre sitjande i bilen og får opp varmen, samstundes begynner det å snø. Eg-et ser ein sti, og tenker at den vil føre han til folk. Han treng å finne folk, men han tenker også at det er toskeskap å gå innover i skogen, slikt har han aldri gjort før.

Det mørknar. Han frys og er trøytt, og set seg på ein stein. Det er mørkt og han er redd. Han synest det kjem nokon mot han – ein lysande kvitleik som stadig kjem nærare. Det er ein skapnad som ikkje har kjønn, men lyser av eit sterkt lys som er godt å sjå på. Eg-et står stille og lurer på om skapnaden er noko han verkeleg ser. Han frys ikkje lenger fordi han får varme frå skapnaden. Han kjenner handa til skapnaden rundt seg, står heilt stille. Så er skapnaden borte, og det er mørkt. Skogen er ei stor og mørk verd, medan månen og stjernene lyser.

Eg-et stiller mange spørsmål med kva, kvar og kvifor. Han tenker fram og tilbake, er ambivalent, og veit ikkje kva han skal tru om det han opplever. Forteljinga er prega av eksistensielle problemstillingar, det handlar om å finne folk og finne retning, kva som er verkeleg og kva som er innbilling, redsle og angst, og det handlar først og fremst om livet og døden.

Skrivestilen er typisk for Jon Fosse, her er det tankestraumar og tankesprang, mange gjentakingar og eit uklart tidsrom. Eg-personen får vi ikkje vite noko om, anna enn at han bur aleine og at han trur ingen kjem til å sakne han. Den mørke skogen og den lysande skapnaden blir motsetningar og kanskje to sider av same sak, «alt er som om det er utan grenser». I forteljinga er det mykje å reflektere over, og mykje som ein ikkje klarer å skjønne med ein gong.

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker