Kristin Auestad Danielsen: Soga om oss og andre skodespel

Boka inneheld ei samling av fire ulike skodespel, nynorsk samtidsdramatikk. Danish Crown (2008), Årets fotballspelar 1997 (2009), Vår vesle (2017) og Soga om oss (2020). Vår vesle og Soga om oss synest eg er dei mest aktuelle å kunne bruke i vidaregåande skule.

Vår vesle handlar om Mari på 29 år som flyttar heim i kjellarleilegheita til foreldra etter eit samlivsbrot. Ho har abortert, og den svenske kjærasten hennar har forlate ho. Korleis stoda er, kjem fram gjennom samtalen mellom foreldra hennar. Det er deira vurderingar av kva som har hendt, og dei minnest mykje tilbake til då Mari var lita. Sjølv om ho er vaksen, omtaler dei ho framleis som «vår vesle». Dei har hatt mange einsame kveldar i det store huset og er glade for at Mari er komen. Men dei oppdagar at ho har stor gjeld og eit sært kosthald, og det er ein stor kontrast mellom slik ho er nå, og slik ho var som barn.

I nabolaget bur Håvard og Karen, eit ungt par som har mista gløden i samlivet. Håvard er son av vennene til foreldra til Mari, og han begynner å besøke ho for å hjelpe ho med forskjellige ting. Vi får innblikk i ulike par-relasjonar og også forholdet mellom barn og foreldre, og sjølvsagt er ikkje forholda slik dei kan sjå ut til å vere. Og kanskje er ikkje hendingane som gjorde at Mari flytta heim, slik foreldra oppfattar dei? For dei er ho alltid «vår vesle, eitt og alt».

Soga om oss er ei soge om mange ulike folk. Her er mange scener, korte samtalar mellom to personar eller korte monologar. Dei 30 scenene gir oss eit blikk inn i folk sine liv, og vi anar kva dei strevar med. Desse ulike situasjonane får fram sosiale skilnader mellom folk; ho med eit hus til ti millionar i motsetnad til ho som bur i leigeleilegheit i ei blokk, dei som strevar med 14 % rente på bustadlånet, eller dei som ikkje kan ta taxi heim fordi dei ikkje har pengar. Vi møter også Regan og Gorbatsjov, spelt av Even og Frode, og dei snakkar til kvarandre gjennom songen Glasnost Perestrojka av Jahn Teigen, og skal skrive under ein fredsavtale. Even og Frode er gutane til Ho utan sminke, ho som har vanskar med å få livet til å gå i hop. På skulen er dei svært bekymra for dei to gutane, og har vurdert å sende melding til barnevernet.

Ein annan person er Finn, han tener gode pengar i «oljå», og spanderer konjakk frå ei flaske som har kosta 23 000 kroner. Han vil også hjelpe søstera til Geir med å komme seg heim frå Spania, sjølv om dei ikkje kjenner kvarandre frå før. Dette vil koste 300 000. Her er fleire episodar der ein kan betale seg ut av vanskelege situasjonar. Raset i oljeprisen blir også eit ras for forholdet mellom ektefellar. Korleis er det å gå frå millioninntekt til trygd? Det går også an å lage kunst av krisa, situasjonen til arbeidslause Trygve kan vere utgangspunktet for ein dans. Historiene om dei ulike folka er vevde inn i kvarandre, og skilnadane mellom folk kjem godt fram. Her er også ein ironisk distanse til dei som øydslar med pengane, medan andre ikkje har nok til dei daglegdagse utgiftene. Dei lever med livet som innsats, og det er ikkje mogleg å kommunisere med kvarandre på ein god måte når utgangspunkta er så ulike.

Årets fotballspelar 1997 er Høgni Heinesen, ein talentfull keeper på 17 år frå Tórshavn. Han får sjansen til å spele i Manchester United, og heime på Færøyane har dei enorme forventningar til han. Men det blir eit kortvarig opphald. Den andre keeperen, Peter, seier tydeleg ifrå om at det er han som skal ha plassen på laget. Høgni drar vidare til København, og her får han ein karriere, både på fotballbanen og som nattklubbeigar. Her møter han vakraste modell-Herit, som har Victoria Beckham som førebilete, og dei to bli eit kjendispar. I ein avgjerande meisterligakamp gjer Høgni tidenes keepertabbe, og så raknar alt.

I Danish Crown blir vi ønskte velkommen til det einaste dyrehotellet i Norden. Her tar dei i mot folk som vil hente fram det indre dyret i seg, og få gje etter for driftene sine. Dei kan suge, slikke, lukte og kome nær kjønnsorgan og avføring. Deltakarane blir godt tekne vare på, dei blir fora og vaska. Her møter vi ein som er gris, ein sjiraff, ein hund og ein sau. «Som gris er det ingen som forventar noko av meg. Eg treng ikkje gå rundt med nasen i sky. Eg kan stikke nasen ned i skiten», seier Kjetil. Her får dei lov til å sleppe alle hemningar. Etter kvart endrar personane seg også fysisk, grisen får klauver og sjiraffen hovar. Men dette blir for mykje for dyra, og dei ropar etter hjelp til å kome seg derifrå.

Kategoriar

Fleire boktips

Andrea Rudland Haave: Sytten, snart atten
intervju
Aina Basso: Før det blir morgon
unge vaksne
Brynjulf Jung Tjønn: Norsk kjærleik
dikt
Erlend Skjetne: Størst og minst
intervju