I denne underfundige romanen møter vi Astrid, ein ung musikkstudent, som har reist til Island for å arbeide med islandshestar på ein avsidesliggjande gard. Til foreldra og kjærasten Mikkel har ho sagt at ho skal studere musikk i Reykjavik. Men no er ho midt ute i øydemarka, med fjell, snø og vill natur på alle kantar, på hestegarden til den eldre psykologen Guðmundur Guðmundsson. Her er det ro og natur, og ein hesteflokk ho ikkje kjenner. Ho er ikkje van med å stelle hestar og styre kva hestar skal gjere. Sakte, men sikkert finn ho ut av det, med gode råd frå Guðmundur. Slik lever Astrid eit tilbaketrekt liv i den snødekte dalen. Ho les vêrmeldingar på islandsk, ignorerer spørsmål heimanfrå, børstar hestar og drikk te.
Stundom tek Astrid og Guðmundur med seg hestane på ridetur. På ein slik tur kjem dei til eit skilt med teksten «Einbreid bru», som tyder noko sånt som einvegskøyrt bru. Brua er nesten dekt med snø, og ein kan høyre bruset av vatnet under. Hesten Grimur vil ikkje gå over. Han er redd, og Astrid kjenner også på eit ubehag. Korleis kan ho få hesten over? Kvifor vil hesten ikkje gjere det ho ynskjer? Guðmundur hjelper til, og vel over på den andre sida ser Astrid det djupe juvet, med namnet Hundejuvet. Juvet fekk namnet etter ein bonde som fekk hunden sin til å hoppe ned i det etter ein stein. Hunden døydde på flekken. Astrid strevar seg framover på hesteryggen, redd for å dette av og redd for å ikkje greie å styre hesten.
Seinare kjem Halli på besøk med fisk i presang. Kanskje Astrid vil vere med på fisketur? Astrid blir med, men då veret brått slår om, må ho vere i huset til Halli i fleire dagar. Ho merkar at han vil noko. Er han på kjærastejakt? Kva slags mann er Halli eigentleg? Og kva skjedde med ekskona til Halli ? Slike små forteljingar skapar ei uhyggestemning i lesaren. Kva er det med desse menneska? Vil dei vel? Er naturen farleg?
Naturen er ein viktig del av romanen. Dei vakre naturskildringane gjer at vi kjenner oss nære Astrid og opplevingane hennar med hestane og snø, vind og det islandske landskapet. Romanen rommar fleire spørsmål som til dømes korleis ein kan tore eller greie å seie ifrå slik at ein får det slik ein ynskjer? Alle menneske må finne sine eigne svar, men særleg for unge menneske stiller romanen gode spørsmål. I møte med redsle, uvisse og ubehag kan det vere freistande å gå utanom, ikkje seie ifrå, berre la seg drive framover. Men når ein kjem til ei smal bru, er det vanskeleg å gå utanom.
Utdrag frå boka: