Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Maren Uthaug: Der det finst fuglar

I romanen møter vi ein liten familie på eit fyr på trøndelagskysten. Johan er fyrvaktar, og har tatt jobben for å kunne forsørge mor si. Denne jobben kunne han ikkje få før han var gift, derfor gifta han seg i all hast med prestedottera Marie. Men det var Hannah han var forelska i. Historia startar i 1920 og varer til 1950.

Livet på fyret blir vanskeleg for Johan og Marie. Dei har lite felles, og vanskar med å snakke saman. Dei lever i stor grad parallelle liv, men dei får etter kvart to barn, dottera Darling og sonen Valdemar. Kjeungskjæret fyr representerer isolasjon både fysisk og psykisk, ingen av dei fire i fyrfamilien har godt av dette livet. Dei er avhengige av godt vêr for å komme seg derifrå, og dei drar kvar sine turar til fastlandet.

Romanen er komponert i tre bolkar, der Johan har synsvinkelen i første del, Darling i andre del og Marie i tredje del. Dermed får vi ulike perspektiv på hendingane gjennom dei tre personane, og vi får gradvis vite meir og eit større perspektiv. Gjennom å fortelje om nokre av dei same hendingane eller gjengje replikkar fleire gonger, byggjer det eit ekstra lag på forteljinga. Dette er eit spennande grep som fungerer veldig godt for lesaren. Uthaug er ein god forteljar, og har skrive ein god og medrivande roman. I epilogen får vi vite korleis soga ender for kvar av dei. Vi ser korleis dei blir innhenta av fortida, korleis ein faktisk kan gå til grunne. Likevel er ikkje dette berre ei tragisk bok, her er også mykje å trekke på smilebandet av.

I tillegg til familiemedlemmane er to andre personar viktige for hendingane i boka. Den danske guvernanta Gudrun kjem som eit friskt pust til familien. Ho er morosam og blid, og livar opp tilværet deira. Ho bryr seg ikkje om dei uskrivne reglane om korleis jenter skal oppføre seg. Gudrun fungerer som ein bindeled mellom medlemmane i familien. Dei har det betre saman medan ho er der, men Gudrun er eventyrlysten og vil vidare i verda.

Den andre sentrale personen er handelsmannen med det skildrande namnet Feite. Han har direkte eller indirekte ein finger med i alt som hender, og han blir skulda for å vere far til mange av dei barna som blir fødd i bygda. Han har også innverknad på liva til damene på fyret.

Romanen tar for seg mange ulike tematikkar. Personane blir dregne mellom kjærleik og forelsking på den eine sida, og plikt og forventningar frå bygda på den andre. Mange av personane er einsame. I ein slik samanheng får også draumane og lengten ein plass, særleg draumen om Amerika og eit anna og lettare liv der. Vi møter menn med sterke drifter, og kvinner som utnyttar dette som bytemiddel for å oppnå andre gode. Men det handlar også om ulike former for overgrep og misbruk, om uønskte graviditetar og dystre hemmelegheiter. Gjennomgåande er også den manglande kommunikasjonen og forståinga for kvarandre, og personar som er ulykkelege og bitre over det livet har tilbode dei.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker