Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Marianne Clementine Håheim: Plikt

Romanen Plikt viser fram den pliktkjensla eg-personen har overfor ein gard og for slekta bakover i tid: «Eg har ingen foreldre, ingen partnar, ingen born, men denne eigedomen finst». Han tenker automatisk at det blir hans ansvar å føre dette vidare: «Bilen og eg er på veg tilbake i tid». Møtet med husa og garden blir eit møte med saker og ting han kjenner og veit kvar er, samstundes er det eit møte med hans eigen barndom. Historia startar med gravferda til far hans.

Dagen etter gravferda tenker han at alt er som før, samstundes som det slett ikkje er det, faren er jo borte. Minna frå barndomen strøymer imot han, luktene han kjenner. I huset er det ikkje så reint og ryddig som det var då mora levde. Ikkje alle minna hans er like gode, han minnest også det var hardt arbeid. Han blir overvelda av alle minna, hugsar lukter, ting og situasjonar, og dette fungerer også som ein konfrontasjon med fortida. Dei beste minna er frå laurdagskveldar framfor fjernsynet der han og foreldra kunne le av det same.

Han får besøk av dei gamle naboane, og prøver å ta kontakt med Øystein som ein gong var bestekameraten hans. Han tenker på Karina og det han aldri fekk sagt. Han set seg føre å gjere det foreldra gjorde, jage sauar til fjells, slå høyet og plukke bæra av bærbuskane. Også dette mest av plikt. Han prøver seg med å gå på puben, men der blir han gjort narr av som bonde.

Lista hans over gjeremål er lang, men det er ei utfordring å få gjort alt aleine: «Fortida heng fast i meg med tusen små krokar». Denne lista blir presentert fleire gonger i romanen som innleiing til ein ny bolk, og det er tydeleg at det er mykje han aldri får gjennomført. Han kjenner på einsemda: «No står namnet mitt høglydt aleine».

Håheim har gode skildringar av eit hus og ein fjøs som ikkje har endra seg. Ho skildrar sauestellet som gjentar seg morgon og kveld, kvar dag. Etter kvart blir eg-personen redd for at folk skal spørje korleis det går, og minne han om at han er aleine med alt det arbeidet han eigentleg ikkje kan. Han blir litt etter litt kjent med korleis faren jobba, gjennom alle notata han gjorde om sauestell og gardsarbeid.

Håheim har skrive ein sterk roman om einsemd og pliktkjensle. Den direkte og metaforiske skildringa av ein depresjon er glimrande gjort, i eit fortetta, visuelt og spennande språk og i korte, presise setningar: «Eg skulle ønskje eg kunne leggje meg inn på sjukehus og gi bort det som gjer meg så tung», og «Eg kan ikkje stille meg andlet til andlet med det som ikkje har blitt gjort». Dette er langt frå ei romantisk framstilling av kor herleg livet er på landet, og dermed får også Håheim sett lys på ein aktuell problematikk.

Utdrag frå boka

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker