Astrid er i slutten av 20-åra og arbeider som kommunikasjonsansvarleg i eit byrå. Ho drøymer om å opne sitt eige galleri, og ein dag kanskje stille ut sin eigne bilete.
I starten av romanen har Astrid blitt kjærast med Anders. Paret er stormforelska og lever bekymringslaust i eit solfylt Oslo med varme sommardagar og lange kveldar. Anders er nokre år eldre enn Astrid, og han har ein gut på eitt år frå eit tidlegare forhold.
Astrid etablerer eit godt og ukomplisert forhold til sonen til Anders. Det er ikkje forholdet til barnet som blir konflikten i romanen, men Anders sine vanskar med å balansere rolla som far og kjærast, samtidig som han har eit godt samarbeid med mora til barnet. Både ekskona og familien til Anders strevar med å akseptere at Anders har fått seg ny kjærast, og at Astrid etter kvart vil få rolla som bonusmamma for sonen. Astrid kjenner seg nedprioritert av kjærasten, og ho kjenner seg i vegen for svigerfamilien sitt håp om at Anders og ekskona skal finne tilbake til kvarandre.
Handlinga i romanen går føre seg i Oslo, og vi følgjer karakterane gjennom eit år, frå sommar til vår. Dei dreg på båttur på Oslofjorden, har piknik i Frognerparken, drikk øl på barar på Grünerløkka, går på museum og galleri, er på visning i overprisa leilegheiter med stukkatur i taket, handlar i vintage-butikkar, har hippe arbeidsplassar og reiser med trikk, buss og sykkel i staden for bil. Dette er ein nynorsk roman med urbane kulissar og karakterar. Romanen vil kunne appellere til elevar som kjenner seg heime i storbyseriar om kompliserte forhold som Sex og singelliv, Younger, Emily in Paris, En natt, Perfekte steder, Hjerteslag og 29.