Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Marit Eikemo: Vi er brødrene Eikemo

Marit Eikemo: Vi er brødrene EikemoDet store huset i Berjaflotvegen 9 i Odda er omdreiingspunktet i historia om faren til Marit, Per Eikemo, og dei fire brørne hans. Det var bestefar til Marit, Lars, og kona hans, Ragnhild, som bygde huset. Det stod ferdig i 1947, og sidan har det budd mange Eikemoar der. Per er eldst i søskenflokken og tok tidleg på seg eit ansvar for dei andre då faren hans datt ned frå eit tak på smelteverket og døydde 42 år gammal. Då var Per fjorten år, og den yngste, Einar, var fire. Korleis skulle dei klare seg utan inntekt, mora Ragnhild og dei fem gutane? 

I nåtida av forteljinga er Marit og ungane på veg til Odda for å feire Per sin 85 års-dag. Ho har invitert dei andre brørne til å vere med på feiringa. Brørne høyrer dårleg, og dei hugsar ikkje like godt lenger, men dei mimrar om folk i Odda og hendingar tilbake i tid.  

Vi får ei god og interessant skildring av ein søskenflokk på femtitalet, eit godt tidsbilde. Brørne bur til ulike tider i huset, enten aleine eller med familiane sine. Huset er stort, og bygd etter tankegangen etter krigen: «Bygg hus til flest mogleg folk». Nokre av brørne flyttar heim etter skilsmisse, og dei flyttar mellom ulike etasjar. Det er alltid husrom, mat og hjelp å få i Berjaflotvegen! Ting blir gjerne ståande i huset om nokon flyttar, og ingen ryddar ut. Då Ragnhild døyr, blir mykje forandra. 

Marit Eikemo skriv fram eit bilde av brørne som spreke, fulle av energi og svært idrettsinteresserte og konkurransedrivne. Dei er aktive i langrenn og maraton, dei stiftar Korlevoll idrettslag og bygger klubbhus på Seljestad. Ein periode dreg brørne rundt i verda og spring maraton, og ei målsetjing er at dei fem til saman skal komme under femten timar. Det klarer dei i London maraton i 1985 på tida 14.41.04. Å delta i Holmenkollstafetten var også svært viktig for Korlevoll og brørne, og om det kolliderte med konfirmasjonar, så var det konfirmasjonar som måtte flyttast. Då Korlevoll idrettslag vart 50 år i 2009, fekk Per Kongens fortenestemedalje.  

Alle brørne er hendige, arbeidsame og hjelpsame. Dei bygger seg hus og hytter og koier på fjellet. Dei bruker gjerne gjenbruksmateriale, dei kastar ikkje noko, men reparerer og restaurerer. Dei tek vare på alt som kan brukast i ein annan samanheng. Dei er nøysame, pengar betyr ikkje så mykje, dei har ikkje alltid heller flust. Dei er rastlause, dei må alltid halde på med noko arbeid og  vere til nytte. Dei set gjerne i gang med store prosjekt, og dei stiller alltid opp for kvarandre og kjøper ikkje tenester. Dei ser verdien av hardt arbeid, av å ikkje gje opp, og å vere eit nyttig menneske: «Gjer ein annan mann ei beine» er eit uttrykk dei låner frå Olav H. Hauge. Med alt dette er dei også umoderne menn som tida går ifrå.  

Brørne er også vågale og uredde, dei finn på speloppar, og vi får lese mange artige historier om alt dei kjem på. Men det skjer også mange ulykker, dei dett ned frå tak og skadar seg alvorleg, men dei er også hardhausar som kjem seg opp att. «Reidar var ein uregjerleg unge, ein vill ungdom og ein galen vaksen».  

Nå er Per igjen aleine i huset, og han har det ikkje lenger så bra: «Ingenting hjelper når kulden kjem innanfrå». Brørne hugsar dårleg: «Kåre forstår ikkje at Reidar ikkje forstår». Glanstida deira var på femti-talet. Nå er ein epoke er over.  

Romanen vekslar mellom fortid og nåtid, hendingar og ettertanke. Vi får også lese om Marits forhold til huset i Berjaflotvegen, her er mange av minna hennar, og her er mykje ho ikkje har rydda i. Skrivinga av romanen blir også ein gjennomgang av hennar eige liv gjennom møte med brev og dagbøker. Ho fortel godt, og gir eit fint bilde av ein uvanleg søskenflokk og ein tidsepoke som er i ferd med å vere over. 

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

Magnhild Bruheim: Stjernefallet
krim
Martin Baldysz: Fallgard
unge vaksne
Lars Erik Helgemo og Markus Pedersen: Udugelege heltar volum 3: Endelaus
teikneseriar
Jon Fosse: Einkvan
unge vaksne